Hopp til innhold

Storslått samarbeid slår sprekker - hamnar i retten

Måløyverksemda Norwegian Datacenter Grup er i full krangel med statlege Entra. No hamnar striden i Oslo tingrett.

Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli

DATALAGRING: Slik kan datalagringa i gamle Lefdal Gruve sjå ut når senteret står ferdig. Men først skal gründerane bak prosjektet møte statlege Entra i rettssalen om eit tilsvarande prosjekt på Austlandet.

Foto: Pressefoto

For selskapet bak planane for Lefdal Gruve i Vågsøy, Norwegian Datacenter Group, saksøkjer statlege Entra for eit tresifra millionbeløp. Rett før søksmålet frå Måløy har også Entra teke ut søksmål den andre vegen, for brot på aksjonæravtalen. Entra avviser at dei har gjort noko ulovleg.

Vågsøyverksemda hevdar på si side at deira tidlegare samarbeidspartnar mellom anna skal ha prøvd å skvise måløyverksemda ut av datalagringsprosjektet på Fet i Akershus .

– Vi kan ikkje sitje stille og sjå slik framferd frå ein statleg aktør som Entra. Difor valde vi å stemne dei for retten, seier dagleg leiar Jørn Skaane i Norwegian Datacenter Group.

Gjekk saman i 2012

Selskapa bestemte seg i 2012 for å gå saman om datalagringssenteret på Austlandet. Satsinga skulle skje gjennom det felleseigde selskapet Greenfield , og gründerane i Måløy såg på senteret som ein styrke for deira planer for Lefdal Gruve.

I desember same året signerte IT-giganten Evry avtalen som skulle gjort dei til Greenfield sin første kunde.

(Artikkelen held fram under videoen)

Eit Nordfjord-selskap kan bli størst i Norge på datalagring. Lefdal Mine Datacenter kjøper statlege Entra sitt store datalagringsprosjekt utanfor Oslo. Det blei feira i Måløy i dag.

SJÅ: Lefdal Gruve kan bli Norges største senter for datalagring.

Sidan har samarbeidet mellom Entra og vågsøyselskapet falle i grus. Samstundes som prosjektet på Fet blir realisert av eit anna selskap, Digiplex, hamnar striden med Entra i retten.

– Viktigaste årsaka til det er måten Entra har handtert eigarskapet sitt i vårt felleseigde selskap Greenfield på. Der dei har forleia oss og kunden, trekkjer seg frå inngåtte forpliktingar og avtalar på eit altfor seint tidspunkt, seier han.

Entra tilbakeviser

Men juridisk direktør i Entra, Hallgeir Østrem, tilbakeviser at Entra har gjort noko ulovleg. Det statlege selskapet har derimot teke ut søksmål andre vegen – mot Norwegian Datacenter Group. Bakgrunnen er at måløyselskapet tidlegare i år skreiv Entra ut av aksjeeigarboka i Greenfield.

Truleg dukkar rettsoppgjeret opp i Oslo tingrett i sommar.

– Vi meiner det ligg føre brot på aksjonæravtale mellom partane, og det skal vi få rettsleg belyst, seier Østrem.

– Så meiner dei det motsette, at det er Entra som har brote aksjonæravtalen. Har de gjort det?

– Nei, det har vi ikkje.

– Prøvde å kuppe

Norwegian Datacenter Group hevdar på si side å kunne dokumentere at statlege Entra, like etter signeringa med Evry, prøvde å skvise ut nordfjordingane frå prosjektet.

– Deretter gjekk dei i ein direkte dialog med kunden der dei føreslo å setje opp Greenfield på eigen kjøl, utan Norwegian Data Center Group på eigarsida og med på prosjektet i det heile. Vi har dokumentasjon på at dei har prøvd å kuppe heile prosjektet, seier Skaane og legg til:

– Det opplever vi som så grovt misleghald og illojalt overfor eit selskap ein er medeigar i, at vi med bakgrunn i den dokumentasjonen, aksjonæravtalen og skriftleg stadfesting frå styret i Entra frå tidlegare, valde å skrive dei ut av aksjeeigarboka. Der er vi på trygg juridisk grunn.

Tilbakeviser krav

Men Østrem seier det ikkje stemmer at dei har gått bak ryggen på nokon i Norwegian Datasenter Group.

- Dette stemmer ikkje, vi har ikkje gått bak ryggen på nokon.

NRK har gjeve Entra moglegheiten til å kommentere dei ulike påstandane frå Norwegian Datacenter Group, men Entra ønskjer å vere sparsomme med kommentarar no. Dei viser til at dei ikkje vil prosedere saka i media.

Forseinka i Vågsøy

I Nordfjord er håpet at eit datasenter i den nedlagde Lefdal Gruve skal føre til store investeringar, og over hundre arbeidsplassar.

Bråket på Austlandet har forseinka arbeidet med datasenteret i Vågsøy.

– Vi er forseinka, men det betyr slett ikkje at Lefdal Gruve på nokon måte er daudt. Marknaden for datasenter veks med aukande fart, og målet er at vi i 2014 har lys i fiberen i Lefdal Gruve, seier dagleg leiar Skaane.

Skaane legg til at ein har starta arbeidet med å få straumnett inn i gruva, i tillegg til bergsikring og anna klargjering. Også reguleringsplanen er snart ferdig.

- Vi har begynt å klargjøre strømnettet som skal lede strømmen inn i gruva. Det er investert betydelige beløp i «last mile».
- Vi har påbegynt arbeidet med bergsikring og klargjøring av gruva