Hopp til innhold

Storslått gallakveld på Q-film

40 000 bilete kokt ned til ein to minuttar lang film. «Ask time lapse» av Iver Heen Ask stakk av med både prisen for beste animasjon og den gjeve publikumsprisen under 10-årsjubileet til Q-film-festivalen.

Q-film-arrangørane

ARRANGØRAR: Tredjeklasse medium og kommunikasjon ved Firda VGS fekk velfortent heider på slutten av gallakvelden.

Foto: Tone Haugeplass

– Det er veldig kjekt at folk sett pris på filmen min, seier ein stolt vinnar.

«Ask time lapse»

Iver Heen Ask

VINNAR: Iver Heen Ask stakk av med både animasjonsprisen og publikumsprisen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Med heile 32 prosent av publikumstemmene på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider, vann Heen Ask frå Sandane ein klår siger framfor nummer to, «Skuggeprinsen».

Vinnarfilmen er ein time lapse-film, ein teknikk der mange bilete blir sett saman i rask film.

Sjå vinnarfilmen her
(Artikkelen held fram under filmen)

Video QFILM: Ask - time lapse

QFILM: Ask - time lapse

– Alle ser på naturen som noko som berre er der. Me som bur her er so vande med at det er so fint, so eg ville prøve å laga ein film som minnar oss på kor fint det faktisk er, seier Heen Ask.

«Skuggeprinsen» av Bjørnar Hegg Lunde har gjort det skarpt i lokale filmkonkurransar det siste året. I vår vann den publikumsprisen på Sogndal Filmfestival.

40 000 bilete

– I heile prosessen har eg teke om lag 40 000 bilete, og i den ferdige filmen brukte eg rundt 2000.

18-åringen har brukt sju veker på den to minuttar lange filmen.

– Eg har jobba veldig mykje med den, sjølv om det var mykje anna eg óg burde gjort i den tida.

Heen Ask går i tredje klasse på medium og kommunikasjon på Firda VGS, men ser ikkje for seg ei profesjonell karriere som filmskapar.

– Som hobby er det moro å drive med time lapse-filmar, og eg vil drive med det so lenge eg går på medielinja. Å leva av det er litt verre, so det blir nok med hobbyen, seier 18-åringen.

–Stolt

Festivalen byrja måndag, og har hatt eit tettpakka program spekka med filmgodbitar. Etter gallakvelden torsdag var det ein letta festivalleiar som møtte NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mathilde Dahl Igland

FESTIVALLEIAR: Mathilde Dahl Igland

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det har gått over all forventing, og eg er kjempestolt over alle som har vore med å arrangera dette, seier festivalleiar Mathilde Dahl Igland.

Fredag skal det heile avsluttast med ein fagdag.

– Det har vore veldig mykje å gjere, men det har vore veldig kjekt på same tid. Me angrar absolutt ikkje på at me arrangerte dette.

– Q-film er komen for å bli

På fagdagen fredag har dei fått fleire kjente føredragshaldarar. Den mest kjende av dei er nok Per Christian Ellefsen. Som karakteren «Elling» gjorde han stor suksess i filmen med same namn i 2001. Han er imponert over arrangementet på Sandane.

Per Christian Ellefsen

IMPONERT: Per Christian Ellefsen

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Du ser korleis ungdomane veks med dei oppgåvene dei har, og dei gjer det veldig bra. Q-film er komen for å bli, og det har vore flott å få møta alle dei unge kreftene som har brukt so mykje tid på dette, seier Ellefsen.

Han er spesielt imponert over gallakvelden som Firda-elevane har arrangert.

– Det er jo reine Oscar-kvelden her. Flotte innslag, flinke konfransierar og ei bra ramme rundt heile opplegget. Det er ei slik vitamininnsprøyting norsk film treng, og eg ser fram til framtida til norsk film, seier Ellefsen.

Vinnarane:

  • Beste animasjon: «Ask time lapse», Iver Heen Ask
  • Beste nybyrjar: «Jord», Sondre Utheim
  • Beste dokumentar: «Kvernsteinsparken», Silje Bråstad
  • Beste skodespelar: Sondre Utheim i «Jord»
  • Beste regi: Bjørnar Hegg Lunde for «Skuggeprinsen»
  • Beste fiksjon: «Skuggeprinsen», Bjørnar Hegg Lunde
  • Publikumsprisen: «Ask time lapse», Iver Heen Ask