Hopp til innhold

Storscoraren stortrivst i Bodø

BODØ (NRK): Sogndal hadde ikkje bruk for han og lånte han ut til Bodø/Glimt. No er Kristian Fardal Opseth (27) klar for Eliteserien, medan Sogndal strevar med å unngå nedrykk.

Kristian Fardal Opseth

HAR FUNNE SEG GODT TIL RETTE: Kristian Fardal Opseth trivst godt i Bodø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

På 26 seriekampar har karen frå Kaupanger sett inn 23 mål og er svært delaktig i at Bodø/Glimt gjorde opphaldet i 1. divisjon så kort som mogeleg.

– Eg hadde ståltru på at vi skulle greie opprykk. Når det gjeld scoringar plar eg ikkje sette meg konkrete mål, men eg er godt nøgd med 23 mål.

Det er fire kampar att av sesongen, og Kristian har sjanse til å ta rekorden til Stabæk-spelaren Daniel Nannskog frå 2005 på 27 mål i 1. divisjon.

– Eg vil iallfall prøve. Eg går på bana kvar kamp for å score mål, men då må eg levere godt i dei siste kampane. Det er utan tvil ein motivasjon å ta den rekorden.

Kristian Fardal Opseth

MANGE FEIRINGAR: 23 gonger har Kristian Fardal Opseth teke imot hyllest frå lagkameratane for scoring.

Foto: Mats Torbergsen / NTB scanpix

Det at Sogndal ikkje hadde bruk for han tenker han ikkje mykje på no.

– Dei gjekk over til ein spelestil som ikkje passa meg. Med mine kvalitetar passar eg mykje betre til 4-3-3, som Bodø/Glimt brukar. Men eg håpar at Sogndal held seg, eg har ekstremt lyst til å kome til Fosshaugane neste år og spele mot dei.

At Kristian Fardal Opseth trivst godt på bana, er lett å sjå. Også på fritida trivst han i Bodø.

– Eg har fått mange gode vener på laget. Det er ein ekstremt fin gjeng, alle spelarane på laget er kjekke folk. Eg trivst i byen, har det godt både på og utanfor bana, så eg er godt nøgd med det valet eg tok med å tore å reise opp hit.

Kristian Fardal Opseth

HÅPAR SOGNDAL GREIER SEG: Kristian Fardal Opseth håpar å få møte Sogndal på Fosshaugane i 2018.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei store sprella på fritida blir det ikkje.

– Det er fotballen som tel, og då gjeld det å vere klar til øktene. Eg plar seie at vi aldri har fri, men at vi har ekstremt mykje fritid. Eg har no vore på eit par fjellturar. Her treng du ikkje gå så høgt opp for å få fantastisk utsikt.

Aasmund Bjørkan

– KJEMPEJOBB: Trenar Aasmund Bjørkan er glad for at dei fekk Kristian Fardal Opseth til Bodø.

Foto: Niklas Aune Johnsen / NRK

Trenar Aasmund Bjørkan sa då Kristian kom på lån frå Sogndal at dette var ein spelar som ville passe godt inn i Bodø/Glimt, og han fekk rett.

– Han gjer ein kjempejobb for oss både på og utanfor bana, så vi er utruleg glad for at han hadde lyst til å kome hit. Vi er utruleg glad for at han er Bodø/Glimt-spelar også i åra framover. Alle i og rundt klubben er kjempeglade i han Kristian.

Bjørkan seier at Fardal Opseth alt har sett ein rekord i klubben.

– Han er tidenes mestscorande i Glimt på dette nivået, og om han greier å ta rekorden på tal scoringar i 1. divisjon hadde det vore veldig artig.