Hopp til innhold

Storscoraren rasar mot dommarane i førstedivisjon

FLORØ (NRK): Etter scoringsshowet i sommar har Endre Kupen no gått 450 minutt utan nettkjenning. Kyniske forsvarsspelarar og manglande dømming får delar av skulda.

Florø Fotball, Endre Kupen

TAKLING: Åsane-spelar Joakim Hammersland sett inn ei susande takling som sender Endre Kupen gjennom lufta.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

– Forsvararane får gjera som dei vil. Eg skal ikkje gå for hardt ut, men det er ikkje akkurat bra dømming i denne divisjonen her. Eg er forbanna, seier Endre Kupen til NRK.

Han har nettopp gått mållaus av bana, for femte kamp på rad, etter 1–1 heime mot Åsane. Sidan han scora fire mål på ein halvtime mot Mjøndalen, 16. august, har det berre blitt ei scoring. Den kom på overtid i heimekampen mot Tromsdalen som enda 1–1.

Forbanna

Til no står Kupen med 14 scoringar denne sesongen. Det gjev plass høgt oppe på toppscorarlista, men det har butta litt i det siste.

– Motspelarane er meir obs på meg no og eg vert pakka inn. Dei heldt meg, sparkar meg ned og får gjera kva dei vil. Eg vert forbanna, seier Kupen.

Etter dei fire måla mot Mjøndalen ville heile Norge ha ein bit av Kupen, men han avkreftar at det ekstra trykket er årsaka til at måla har uteblitt.

– Nei, det takla eg bra. Men eg får jo taklingar på meg som ikkje liknar grisen. Den taklinga ute på sida der, eg veit ikkje kor mange meter eg fyk gjennom lufta. Dei seier taklinga var på ballen ... Kyss meg, seier ein irritert Kupen.

Taklinga det er snakk om er denne:

Florø Fotball, Endre Kupen

LUFTETUR DEL 1: Joakim Hammersland si takling på Endre Kupen i andre omgang mellom Florø og Åsane.

Foto: Truls Kleiven
Florø Fotball, Endre Kupen

LUFTETUR DEL 2: Joakim Hammersland si takling på Endre Kupen i andre omgang mellom Florø og Åsane.

Foto: Truls Kleiven
Florø Fotball, Endre Kupen

LUFTETUR DEL 3: Joakim Hammersland si takling på Endre Kupen i andre omgang mellom Florø og Åsane.

Foto: Truls Kleiven
Florø Fotball, Endre Kupen

LUFTETUR DEL 4: Joakim Hammersland si takling på Endre Kupen i andre omgang mellom Florø og Åsane.

Foto: Truls Kleiven

Karrieren kunne vore over

I kampen mellom Florø og Åsane vart det blåst mange frispark. Til stor frustrasjon frå begge laga sine trenarar.

Og Florø-trenar Terje Rognsø var lite imponert over taklinga som vart sett inn på Kupen i sluttminutta.

– Han vert tatt mange gonger, men den taklinga der kunne øydelagt karrieren hans, om han hadde blitt treft annleis, seier Rognsø til NRK.

NRK har ikkje snakka med dommaren som dømte kampen mellom Florø og Åsane.

Laster innhold, vennligst vent..