Hopp til innhold

Er dette karen som skal effektivisere norsk toppfotballs mest ineffektive lag?

Til cupkampen mot Sogndal er Florø-spiss Endre Kupen friskmeld – igjen.

Endre Kupen

MÅLGARANTIST: Endre Kupen scora 26 mål då Florø i fjor tok steget opp frå 2. til 1. divisjon. I år har ein trøblete lysk spolert det aller meste av sesongen.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Førre sesong scora seljeværingen saman med Pontus Engblom flest mål i dei tre øvste divisjonane.

På årets 11 første seriekampar er det berre blitt 238 speleminutt for spissen – og eitt mål. Resten har han gått skadd.

Endre Kupen

KJENT STIL: Slik såg ein ofte Endre Kupen i fjor, men spissen har vore skadd sidan Fredrikstad-kampen i byrjinga av mai. – Eg kjende at det var noko i lysken, men var så dum å følgje lysta til å spele. Hadde avslutninga gått inn, så hadde det vore verdt det, humrar han.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Eg har hatt nokre hardøkter og kjenner ingenting i lysken. Det må vere eit bra teikn, seier 27-åringen.

Friskmeld i går

Kupen vart vurdert opp mot seriekampen mot Kongsvinger i helga, men med kunstgras tok støtteapparatet ingen sjansar med spissen. I går vart han endeleg friskmeld.

Kampen mot Sogndal i dag blir hans første i år der han ikkje kjenner smerter. Han håpar på cupfest, mykje folk og 3-0-siger som sist gong laga møttest i cupen. Og mål.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg er berre glad om eg får meg ein omgang og eit mål. Så får eg heller legge opp til dei andre, humrar han.

Meistrar i å brenne sjansar

Kupen slo opp att strekkskaden i 2-1-sigeren borte mot Fredrikstad i byrjinga av mai.

Dei neste fire kampane har gitt eit hav av sjansar, smått med mål og ingen poeng.

– Det har vore heilt forferdeleg å sitje på sidelinja. Ein kan rive seg i håret over sjansane vi har bomma på. Men eg skal ikkje seie at eg hadde sett sjansane, seier han.

Minst effektive

Og statistikken til NTP er klar. Med 46 avsluttingar på mål er det berre seks lag i 1. divisjon har hatt færre avslutningar på mål enn Florø. Målprosenten er fattige 17. Dårlegast i dei to øvste divisjonane.

Terje Rognsø

HAR TRUA: Florø har vist at dei spelemessig har tatt nivået i 1. divisjon, men trenar Terje Rognsø vedgår at dei har vore for gåvmilde i begge endar av bana.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Historia er ei heilt anna for dagens motstandar. Berre Kristiansund og Odd har færre avslutningar på mål enn Sogndal sine 36. Med ein målprosent på 42 er det likevel berre Bodø/Glimt i dei to øvste divisjonane som utnyttar sjansane sine betre.

– Vi slepp inn for mange mål på få sjansar bakover og scorar for lite på dei sjansane vi lagar. Men vi må berre jobbe vidare, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Kupen er godt nytt

At laget kjem til mange avslutningar, er likevel ei god trøyst. No handlar det om å få sjølvtillit framfor mål.

At også fjorårets toppscorar er tilbake til cupkampen mot Sogndal, er også godt nytt.

– Det er klart at det viktig å ha ein spelar som har eitt mål i snitt for kvar kamp. Han har hatt nokre omgangar i år der han har vore halvskadd, så i dag håpar vi at han i alle fall får nokre minuttar, kanskje ein omgang, avsluttar Rognsø.