NRK Meny

Storsatsing i Hodlekve skisenter

Hodlekve skisenter i Sogndal ønskjer å bli det mest attraktive skisenteret i fylket. Difor planlegg dei no, ilag med fem grunneigarar, å byggje nytt skitrekk og fleire hundre hytter i området.

Artikkelen er flere år gammel.

- Vi vurderer fleire alternativ, men det er i alle fall råd å byggje over 200 hytter i området, seier Gunnar Solbakken, som er styreleiar i Hodlekve drift AS.

I ein sesong der fleire av skitrekka i fylket har slite, kan Solbakken nok ein gong konstatere at området i Sogndalsdalen er det mest snøsikre i heile Sogn og Fjordane.

200 hytter

Dette vil dei utnytte, og planlegg difor eit nytt skitrekk på nesten 1200 meter. I tillegg jobbar dei ilag med fem grunneigarar for å få endre reguleringsplanen i Hodkleve. Målsetjinga er å få bygd ein fjellandsby med over 200 hytter. Går alt slik dei ynskjer, ser Solbakken for seg at dei om nokre år kan samanlikne seg med Voss Fjellandsby i Myrkdalen.

Utbygging i Hodlekve og Stedjekampen i Sogndalsdalen vil koste, men skisenteret har allereie vore i kontakt med fleire interessantar,.

- Vi har fått uformelle førespurnader som vi vil gå vidare når vi har fått laga eit skikkeleg prosjekt som vi kan tilby dei, seier Solbakken.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar