NRK Meny
Normal

Storsal av billettar for Sogndal

Sogndal Fotball har så langt selt over 4000 billettar til søndagens kamp mot Strømsgodset på heimebane.

Publikum på Fosshaugane

FULLE TRIBUNAR: Sogndal Fotball reknar med at mange tek turen for å sjå Sogndal møte Strømsgodset.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Arrangementssjef Geir-Inge Heggestad seier dette gjer at målet om å i alle fall tangere årsbeste på over 5000 billettar absolutt er innan rekkevidde.

– Det ser veldig bra ut. Vi er rett i overkant av 4000, men vi ønskjer sjølvsagt endå fleire. Vi håper vi klarer sesongbeste på 5038 som var mot Fredrikstad.

Azar Karadas

PÅ PLASS: Azar Karadas har signert for Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ei av årsakene til det gode billettsalet er at Azar Karadas signerte for klubben på måndag. Denne kampen blir også Sogndal sin første heimekamp etter at skulane startar opp att.

Heggestad håper og trur at folk stiller opp for å hjelpe laget som har slite i det siste.

– Vi treng hjelp frå hele fylket. Laget treng ein boost, slik at vi framleis kan ha eit lag i tippeligaen. Vi treng noko no som kan snu den negative trenden vi har vore inne i.

– Har Azar-effekten påverka billettsalet?

– Det er klart det er spennande med nysigneringar og då spesielt Karadas som er frå fylket. Vi ser at det har kome nokre bestillingar frå Nordfjord.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser