Bedrifta, som produserar bilfelgar, har dei siste åra gjort store omstruktureringar og effektiviseringar i drifta, og administrerande direktør Arvid Ullebø er glad for at dette arbeidet no gjev resultat. Dette er positivt både for bedrifta og Høyanger, seier han.
Effektivisering og omstrukturering
Trass i dårlege tider for næringsverksemder i Norge har Fundamus AS i Høyanger klart å få eit overskot på 21 millionar kroner fyrste halvår i år. Dette er heile 4,5 millionar meir enn for same tid i fjor. Bakgrunnen for auken er stram effektivisering og omstrukturering av drifta. Dei siste åra har Fundamus sett i gang fleire konkrete tiltak for å kunne auke produksjonen og lage eit betre produkt. Dei har mellom anna automatisert røntgenprosessane og fått lågare lønnskostnader.
Framleis innstrammingar
Men også i tida framover må det nokre innstrammingar til for at selskapet skal klare å henge med i marknaden. For det er stor konkurranse på bilfelgar i Europa, så prisane og såleis inntektene er framleis låge, seier Ullebø. Fundamus reknar likevel med å auke overskotet endå meir, og har lagt ein framdriftsplan som viser auka produktivitet. Og innstrammingar gjer til at den største eigaren, Høyanger kommune som kjøpte opp 70 % av aksjane i 2000, ikkje tar ut noko utbytte enno.