Hopp til innhold

Jord- og steinras har bana vegen for nye snøras - større snøskredfare i nye område

Dei mange og store skreda under ekstremvêret Hilde, gjer at faren for snøras denne vinteren er større. Jordrasa har rett og slett laga nye og glatte baner for snøen, og gjer dei same stadene spesielt utsette.

Dei mange og store skreda under ekstremværet hilde, gjer at faren for snøras no om vinteren blir større.

KAN KOME FLEIRE RAS: Fleire store jord- og steinras skrapar av masse i fjellet, noko som igjen kan føre til større fare for snøras.

Folk i området kring Skredestranda på riksveg 15 mellom Stryn og Nordfjordeid fryktar vegen er meir utrygg å ferdast på også vinterstid.

Årsaka er at eit 300 meter langt jordras for vel to veker sidan kan ha opna opp for nye rasløp.

Dei reisande har rekna riksveg 15 langs Hornindalsvatnet for trygg dei siste åra, men no er dei redde for at situasjonen har endra seg.

– Det heng tre og røter utfor fjellkanten. Det har vore meir vêr no enn tidlegare, så vi må vel rekne med meir fare no etter kvart, seier Reidar Holmøy.

Han køyrer dagleg frå Holmøyane til Nordfjordeid, og må køyre på strekninga der kjemperaset nettopp gjekk. Holmøy ynskjer at området blir sikra.

– Vi ser jo kva som kan kome til å skje. Det er mange stader som må sikrast, og slik er det sikkert i andre område også. Så politikarane får finne fram litt pengar, slik at vi får sikra oss, seier Holmøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

300 meter av vegen langs Skredestranda ser slik ut.

300 METER LANGT RAS: Slik såg det ut i Skredestranda etter det store raset.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Kan bli falsk tryggleik

– Folk ser frå vegen og opp i området, at det er bratt, nake og avskrapa for mold. Det kan vere skremmande, og eg skjønar at folk kan vere redde for at det kjem snøskred, seier Svein Helge Frækaland, geolog hjå Statens vegvesen.

Sjølv om Frækaland ser at ekstremvêret endrar landskapet og skapar ny fare for ras, vil Vegvesenet vente og sjå situasjonen an før dei gjer sikringstiltak.

– Det vi kan gjere er å bygge ein voll nede ved vegen, men den må vere høg skal den møte eit flaksnøskred. Eg trur det blir ein falsk tryggleik, seier geologen.

Under uvêret for to veker sidan gjekk det også fleire andre store ras, ved Hjelle i Oppstryn var ein ekspressbuss nær ved å bli teken av ras.

I Oldedalen vart 100 personar isolerte og utan straum på grunn av fem ras som gjekk over vegen. Også på vegen mellom Leikanger og Sogndal kom det ned store steinblokkar som stengde vegen.