NRK Meny
Normal

Storproduksjon av julemat

Ved Nordfjord kjøtt i Loen jobbar dei tilsette for fullt for å få ut all julematen i tide. Hjå småskalaprodusentane er det allereie tomt.

Randi Støyva er kvalitetssjef i Nordfjord Kjøtt.

KILOMETERVIS: Julepølsene heng overalt i lokala til Nordfjord Kjøt i Loen. - Det er ingenting å utsette på kvaliteten, seier kvalietssjef Randi Støyva.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Her inne heng det vel 30 tonn med pinnekjøt. Det er berre ein liten del av det vi skal produsere. Totalt skal vi levere 520 tonn ferdig tørka pinnekjøt, seier Oddbjørn Sæten, produksjonssjef hjå Nordfjord Kjøtt.

Medan folk rundt i kring i landet gler seg til lukta av dampa pinnekjøtt skal breie seg i huset og verkeleg varsle at no er jula koma, så har Sæten nærast fått sin dose. For saman med kollegaene har han produsert pinnekjøt til den store gullmedalje sidan september.

– Når det står på bordet juleaftan så er det heilt konge. Det er det beste eg får, men når eg går i lukta så lenge, så blir eg litt lei.

Produksjonssjef Oddbjørn Sæten ved Nordfjord Kjøtt.

TIDLEG: Ribbe av sau er det beste produksjonssjef Oddbjørn Sæten hjå Nordfjord kjøtt får.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Stor etterspurnad

For julematen får verkeleg bein å gå på. Tal frå Opplysningskontoret for egg og kjøtt synte at nordmenn i 2012 kjøpte om lag 6500 tonn ribbe, 2750 tonn pinnekjøtt, 2000 tonn julepølser og 650 tonn julesylte. Også hjå småskalaprodusentane merkar dei etterspurnaden godt.

– Sist veke gjekk vi tomme for pinnekjøt. Vi leverer mest til private, og lite til butikkar, men stadig fleire vil ha, seier Paul Nygård i Kandal kjøt.

Dei produserer pinnekjøt av geit, som dei kjøper frå geitebønder rundt om i fylket. Medan storproduksjonen går for full i Loen, er det på garden i Kandal i nabokommunen snakk om totalt 500 sider med pinnekjøt.

– Vi lagar av dei råvarene som er gode nok, så stoggar det av seg sjølv. Dei fleste seier dei vil ha det same til neste år, men vi kan ikkje garantere noko for nokon. I år trudde eg det vart bra, men så gjekk det tomt, seier Nygård muntert, og legg til at julepølse har dei framleis att.

Paul Nygård frå Kandal kjøt

ETTERSPURNAD: Paul Nygård i Kandal kjøt er imponert over kor tidleg folk tenkjer på å sikre seg julematen. - Allereie i august og september byrjar folk å bestille.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Ved Nordfjord kjøtt bognar heile lokalet av julemat. Kilometervis med julepølse snor seg kring stokkar i fleire høgder. Og medan dei tilsette ved Nordfjord kjøtt og forbrukarar knapt tenkjer på noko anna enn det som må vere klart til jul, har kvalitetssjefen på fabrikken allereie kome mykje lenger.

– Vi er eit halvt år i forkant, så vi har allereie skifta fokus over på grillsesongen, seier Randi Støyva.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.