Hopp til innhold

– Mane er viktig av fleire grunnar

Sogndal-ekspert Jon Navarsete er ikkje overraska over at Sogndal vann dragkampen om driblesterke Malick Mane.

Malick Mane

BLIR: Malick Mane har sett ein ende på overgangsspekulasjonane ved å forlengje kontrakten med Sogndal Fotball.

Foto: Astrid M. Nordhaug / DIGITALSPORT

Tyrkisk Konyaspor har siste tida jakta på signaturen til spelaren som etter årets sesong ville stått utan kontrakt.

Under ein pressekonferanse i føremiddag vart det klart at Malick Mane blir i Sogndal ut 2015-sesongen.

– Dette er viktig av fleire grunnar. Han er ein propell, og ein utruleg artig fotballspelar. Så er det også signal til dei andre at det går an å bli i Sogndal også, seier Jon Navarsete.

– Litt overraska, men ...

Jon Navarsete

NØGD: Jon Navarsete.

Foto: Arve Uglum / NRK

Navarsete har siste tida følgd overgangssagaen, men siste tida kjend seg trygg på at han også neste sesong vil sjå Malick Mane i lagoppstillinga til Sogndal.

Tyrkiske medium har nærast slått fast at klubbane var samde om ein overgang på kring tre millionar kroner. Pressekonferansen tysdag motbeviste drettet.

– Eg er litt overraska, men samstundes så veit eg andre sine erfaringar med Tyrkia. Det er pengar og oppgjer som ikkje blir som avtalt, så slik sett er det ikkje så overraskande likevel, seier Navarsete.

Større klubbar

Under pressekonferansen kom det fram at trenar Jonas Olsson har hatt fleire samtalar med Mane for å overtyde 24-åringen om å bli. Måndag kveld signerte dei avtalen som går ut 2015-sesongen.

Etter eit trøblete førsteår ser den tidlegare Sandefjord-spelaren ut til å trivast i saftbygda. På trass dette har han også sjølv uttala at han kunne tenkt seg til Tyrkia.

– Han har hatt ein kjempegod sesong og held han fram framgangen så kan han framleis gå til utlandet. Og det kan godt bli større klubbar enn dei frå Tyrkia no, seier Navarsete.

Viktig spelar

– Trur du han i framtida kan vere aktuell for større ting enn Tyrkia?

–`Det trur eg faktisk. Det er opp til han sjølv å vise at han har litt å fare med. Og det har han jo.

Flo framheva under pressekonferansen den viktige rolla Mane har hatt for Sogndal i år. Klubben ligg på ein overraskande sjuandeplass, mykje takka vere Mane sin driblekunst og seks seriemål.

– Uforutsigbar

– Han er rett og slett fantastisk med det han driv med i periodar. Det er ikkje alltid så lett å spele på lag med, men å ha ein slik driblekunstnar og virvelvind er utruleg kjekt og viktig for Sogndal, seier Navarsete og held fram:

– Malick er ein uforutsigbar spelar, ein kjempegod spelar og kanskje i overkant egoistisk til tider. Men han er med på å krydre tilveret, og det er moro å gå på fotballkamp og sjå han.