Fullmåne og eit sterkt lågtrykk er bakgrunnen for ekstremfloda "Vidar" som no har gjort seg gjeldande langs vestlandskysten.
Det er dei indre fjordstroka som er mest utsette fortel statsmeteorolog Martin Granerød.
– Vind frå vest gjer at vatn vil samle seg inne i fjordane, fortel han
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mindre enn venta
Fleire stadar i fylket pustar folk no letta ut etter at den varsla stormfloda ikkje nådde så høgt som varsla. Politidistrikt vest har heller ikkje fått inn nokon meldingar om skader i Sogn og Fjordane. Gallerist ved fjøresteinane i Lærdal, Kristen Olav Grøttebø, er letta.
– I dag gjekk det bra med kunsten på galleriet. Eg hugsar floda som var i -93. Den var mykje større. Då rodde vi rundt i båt utpå her. I dag gjekk det mykje betre. Og eg er elles glad for at meteorologane seier ifrå når det er venta høg flod, seier Grøttebø.
Sjeldan stor flod i Lærdal
– Vi har jamn kontakt med politiet og er i full beredskap sa ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim like før floda kom til den lågtliggande bygda.
Han meinte dette kunne bli den største floda dei hadde opplevd i Lærdal. Han var redd for att vatnet skulle kome opp i gjennom kumlokka i staden for å renne ned når floda slo inn. Grunnen til dette er at grunnvatnet i utgangspunktet ligg høgt i Lærdal. Solheim er glad at det akkurat no er så godt som vindstille.
– Campingplassen ligg ganske lågt, men så lenge det ikkje bles, så trur eg ikkje den er så utsett i dag, seier Solheim.
20 år til neste gang
Det var litt utpå føremiddagen i dag at floda var som størst, med ein venta vasstand som er 60–80 centimeter over dei verdiane som står i tidevasstabellen. Og det skjer ikkje ofte.
– Neste gang det er venta ei slik flod er om 20 år, så har du ting du er redd for ståande nær vasskanten bør du skunde deg å redde dei for det er ikkje tvil om at det no blir høg flod, seier statsmeteorolog Martin Granerød.