Hopp til innhold

Stormen velta bubil på fjellet

Robin Juberg og kona ante fred og ingen fare der dei vart ståande i uvêret på Strynefjellet. Brått kom ein kastevind og velta heile bubilen over ende. Ein mann var nær ved å ende opp under den.

Bubil bles av vegen på Strynefjellet

KRAFTIG VIND: Det bles godt i fjellet og ved inngangen til Oppljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet bles ein bubil over ende fredag føremiddag.

Foto: Webkamera/Statens vegvesen

Kraftig vind har herja i både fjellet og langs kysten fredag. På grunn av arbeid i Oppljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet vart fleire bilar ståande ute i styggevêret i Breidalen for å vente.

Men der fekk dei ikkje stå i fred. Juberg og kona venta tålmodig i bubilen då eit vindkast plutseleg kasta dei over ende.

– Det var ganske dramatisk, og eg er glad vi brukte setebelte. Dette kunne fort gått veldig gale, seier Juberg til NRK.no nokre timar etter episoden.

Hadde køyrd feil

Etterdønningane av ekstremvêret «Berit» har ført til uvêr langs heile kysten og i fjellet av Sogn og Fjordane. Hurtigruta torte ikkje å reise forbi Stad, medan Sognefjellet ikkje kunne opne etter å ha vore nattestengt.

Moldensaren og kona var på veg frå Oslo til Sogndal, men hadde køyrd feil i natta. Då det viste seg at dei måtte køyre over Strynefjellet for å kome seg via Skei til Sogndal, trudde dei ikkje at det skulle bli så dramatisk.

Juberg sjekka med Vegtrafikksentralen før dei starta på turen, og fekk då signal om at vêret ikkje var så gale. Men det viste seg å ikkje stemme.

– Då vi kom fram til tunnelen viste det seg jo at vinden var ganske kraftig, seier Juberg.

Frykta mann skulle bli klemd under bilen

Arbeid i tunnelane gjer at trafikken må stå og vente både på aust- og vestsida av tunnelane. Juberg og kona parkerte bak to semitrailerar på austsida av Oppljostunnelen. Her vart dei ståande ei stund før ein tilsett i entreprenørfirmaet kom for å fortelje det at dei måtte vente litt.

– Medan han står og pratar med oss kjem det plutseleg eit veldig vindkast og bilen byrjar å flytte på seg. Han held nesten på å bli med når bilen flyttar seg, men klarar heldigvis å springe vekk, fortel Juberg.

Med knapp margin klarar mannen å kome seg unna før bilen siglar rett over vegen og i grøfta. Her tippar den rundt, med Juberg og kona inni.

– Eg og kona vart hengande i setebelta, og eg er sjeleglad vi hadde dei på oss, seier Juberg.

Så kjem lastebilen siglande

Medan dei to er i ferd med å ta av seg setebelta for å kome seg ut av bilen oppdagar dei plutseleg at noko er i ferd med å skje framfor dei. Den polske semitraileren som stod parkert rett framfor dei køen har også blitt teke av vinden.

– Den kjem siglande og endar opp i grøfta, men heldigvis tippar den ikkje, fortel Juberg om den 25 tonn tunge lastebilen.

Fekk hastverk med å kome seg ut

Etter å ha fått stengt av motoren kunne Juberg raskt konstatere at bilen var eit fullstendig kaos innvendig. Lause gjenstandar låg hulter i bulter og fleire av sidevindauga var knuste.

Juberg uroa seg også for at gassbeholderen skulle eksplodere, og fekk hastverk med å kome seg ut av bilen.

– For å kome oss ut måtte vi klatre ut gjennom den vanlege døra, men det var jo ikkje så lett når bilen låg på sida. I tillegg bles det så kraftig ute at det gjekk ei godt stund før vi klarte å komme oss ut, fortel Juberg.

Etter kvart klarte dei to til slutt å kome seg ut og fekk slått av gassen. Dei to var til alt hell ikkje fysisk skadde og fekk søkje tilflukt i ledebilen som stod parkert i tunnelmunningen.

Bilberging hefta av uvêret

Juberg veit enno ikkje kor store skader bilen har fått, men trur ikkje det blir like enkelt å bruke den når dei skal vidare til Sogndal. Ekteparet skal på kampen mellom Sogndal og Molde søndag, men det som skulle vere ein hyggetur fekk ein ganske så utriveleg start.

– Det var ganske dramatisk. Du kjenner deg hjelpelaus når du berre bles av garde. Eg tenkte på å bremse, men det var ingenting eg kunne gjere, seier Juberg

Etter det NRK fekk opplyst tidlegare fredag ettermiddag skal det ha vore fare for at semitraileren stod slik til at den skal tippe. Den polske sjåføren søkte tilflukt i tunnelmunningen der han heldt utkikk med bilen sin.

To bilbergingsbilar har no kome til staden. Like før klokka 14 er vêret framleis så stygt at det ikkje er råd å få berga bubilen og lastebilen ut av grøfta.