Stormen råkar allereie vegar og båtar - alle fjellovergangane kan bli stengde

Statens vegvesen sitt gjennom dagen i krisestab. Både vegar og båtar er allereie stengde grunna uver, og meir kan det bli.

Uver

STENGD: Blant mange andre, er Fylkesveg 52 Tyin-Årdal stengd grunn uver.

Foto: Statens vegvesen
Eirik Hildal
Journalist

– Alt mannskap kalla ut, men me forventar at det blir verre utover ettermiddagen, seier kommunikasjonsrådgjevar i vegvesenet, Ole Kristian Åset.

Ekstremvêret Nina vil føre til full storm til sterk storm i ytre Sunnfjord og Sogn, men vil og føre til store nedbørsmengder og mykje vind i Nordfjord og inne i fylket.

– Vi har registrert at Nina er komen inn i ytre delar av Sognefjorden. Det er fri ferdsel på Strynefjellet og Filefjell, i tillegg til kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet. Status på fjella kan endre seg raskt, då vêret er venta å bli verre, seier Åset.

Forventar store problem på vegane

Snøskredfaren er også svært høg i fylket laurdag. Fleire vegar er allereie stengde på grunn av uver eller fare for ras.

Lista er oppdatert like før midnatt laurdag:

  • E16 over Filefjell har kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring grunna uvêr.
  • På E39 er ferjesambandet Lavik–Oppedal mellombels stengt på grunn av uvêr.
  • Riksveg 55 ferjesambandet Dragsvik–Hella, redusert framkomst grunna sterk vind. Avgangane klokka 23:05 og 23:55 frå Dagsvik er innstilt.
  • Fylkesveg 182 Feios–Fresvik er mellombels stengt på grunn av snøras.
  • Fylkesveg 365 ferjestrekninga Værlandet–Askvoll er innstilt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 606–ferjestrekninga Krakhella–Rutledal er mellombels stengt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 57 ferjestrekninga Rutledal–Ryssjedalsvika er mellombels innstilt på grunn av uvêr.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd, og blir ikkje opna i dag.
  • Fylkesveg 55 Esefjorden, på strekninga Balestrand–Dragsvik, er stengt på grunn av rasfare.
  • Fylkesveg 241 Gudvangen–Bakka er mellombels stengd på grunn av rasfare.
  • Fylkesveg 337 Hafslo–Veitastrand er stengd på grunn av snøras.
  • Fylkesveg 50 Hol–Aurland er mellombels stengd.
  • Fylkesveg 53 Tyin–Årdal er mellombels stengd.
  • Fylkesveg 93 Heldalsheia, strekninga Nautsund-Vadheim, er mellombels stengd.
  • Fylkesveg 152 Ulvastad–Menes, grunna rasfare, gjeld frå klokka 17.
  • Fylkesveg 337 Hafslo–Veitastrond, grunna fare for ras, gjeld frå klokka 17.
  • Fylkesveg 92 Arnafjord–Vikøyri, grunna fare for ras, gjeld frå klokka 17.
  • Fylkesveg 242 Aurlandsvangen Skjerdal, grunna snøras, ikkje opna i dag.
  • Fylkesveg 241 Gudvangen–Bakka, grunna fare for ras, ikkje opna i dag.

– Me fryktar at det kan bli stengd på alle fjellovergangen når uveret bryt laus for fullt utover kvelden.

Også i låglandet har Statens vegvesen problem.

– Det snør og bles så mykje, at det er vanskeleg å halde vinterstandard på fleire av vegane i låglandet.

Auka beredskap hjå mange

Statens vegvesen held krisestab gjennom dagen. Både Sogn og Fjordane energi, Stryn Energi og Sognekraft har auka beredskapen, fordi uveret fører med seg fare for straumrot.

– Folk må tenke gjennom at dei veit å finne lys. Dei kan til dømes bruke tida før det verste vêret til å sjekke at dei har batteri til hovudlykter, seier Svein Inge Vold i Sognekraft i føremiddag.

Vegtrafikksentralen og politiet er også ekstra budde på uveret. Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand seier beredskapen vil bli halden høg.

– Utover dagen i går, og etter kvart som det vart meld ekstremvêr, så følte eg både kommunar og etatar med beredskapsansvar var veldig godt budde. Eg trur beredskapen vil bli halden høg, i alle fall til vinden er over, seier Stensvand.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.