"Kallen og katten" er kjend og kjær for mange. Men slike viser får ikkje plass i ei ny dramatisering av livet og dikta til den folkekjære forfattaren Jakob Sande. Det seier teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad. - Eg føler han er ein bluestype, og kanskje litt rocka òg. Han er ein person som står på dei svake menneska si side, og då er vi inne i ein soultype også, seier han.
Tralla i hel
Mange komponistar har sett tonar til Jakob Sande sine dikt. Dei mest brukte og populære melodiane skapte Kurt Foss og Reidar Bøe som hadde mange slagerar i Ønskekonserten på 1950-talet. Teatersjef Terje Lyngstad meiner at dei populære melodiane har vore med på å skugge for innhaldet i tekstane til Sande. - Gjennom gjentatt presentasjon av musikken i lag med dikta så har han kanskje blitt tralla i hel. Det vert som med popmusikk, ein nynnar på melodien utan å tenkje på innhaldet, seier Lyngstad.
- Har gjort diktinga kjent
Visegruppa Jubelhornet er blant dei som har tralla Sande-viser. Gitarist og vokalist i Jubelhornet, Jørgen Alisøy, meiner ein må også sjå på den verdien som er gjort for at folk har fått kome i kontakt med diktinga gjennom musikken.
Med songar som "Gåsa, katten og hanen", "Brita i bu" og "Kallen og katten" var Sande ein nybrotsmann som visetekstforfattar, hevdar Alisøy. Jakob Sande var i grunnen den første nynorske hitlåtskrivaren i Norge, meiner han.
Premiere i 2006
Jubileumsframsyninga skal ha premiere om to år. 1. desember 2006 er det nemleg hundre år sidan forfattaren bak "Det lyser i stille grender" og "Likfunn" vart fødd. Det er forfattar Ragnar Hovland som har fått oppgåva med å dramatisere livet og forfattarskapen til Jakob Sande.