NRK Meny
Normal

Stormen har lagt seg, slik står det til på vegane

Uvêret har lagt seg og situasjonen er i morgontimane byrja å normalisere seg både for sjø- og vegtrafikken.

Storm i Florø

Kraftig vind og nedbør førte til stengingar og kolonnekøyringar på fjellovergangar. Også passasjerbåt- og ferjeruter vart innstilte.

Onsdag er går trafikken som normalt på sjøen, medan det framleis er stengde fjellovergangar.

  • Sjå oversikt nedst i saka.

Stengde samband

MF Årdal til kai på Lote

I DRIFT IGJEN: Både på Anda–Lote og Lavik–Oppedal på E39 er ferjene no i gang igjen etter å ha vore innstilte på grunn av uvêr.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ferjesambandet Anda – Lote var eitt av sambanda som vart innstilte, då ferja målte vindkast på over 25,7 meter i sekundet.

– Det er bølgjer og veldig sterk vind. Vi målte 50 knop pluss i vinden, fortalde styrmann Frank Økland på ferja MF Årdal.

– Det er ikkje maskinkraft til å komme seg skikkeleg opp i kaien når det er så heftige vindkast. Ein blir berre skubba vekk og ein kan ikkje gå på akkord med tryggleiken, la han til.

Meiner ferja burde gått

På ferjekaien på Anda har det samla seg ei rekkje bilar som ventar på at ferjesambandet skal byrje å gå igjen. Ein av dei er langtransportsjåfør, Bernt Søvik, han stiller spørsmål ved at ferjesambandet vart innstilt i dag.

– Eg har stått her i over to timar, og så vidt eg kan sjå så er det ikkje så mykje vind at det skulle vere grunn til å innstille. Eg har køyrt med ferja her mange gonger tidlegare i mykje verre vêr, sa ein irritert Søvik.

I Fjord1 står dei fat på at det var ei rett avgjort å innstille.

– Vi må stole på kapteinane våre. Når dei seier det ikkje er trygt å trafikkere sambandet så må vi berre innstille, svara Christine Hammersvik som er operativ leiar for Sogn og Nordfjord i Fjord1.

Åtvara bilistane

Uvêret som er meldt er i ferd med å feste grep om Sør-Norge. Meteorologisk institutt sende i går ut OBS-varsel for Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Sunnmøre, Oppland og Vestlandet.

Hardangervidda er stengd og på MF Årdal prøvde dei i 15–20 minuttar å leggje til kai ved Anda, på sørsida av Nordfjorden. Til slutt valde dei å gå tilbake til Lote.

Alternativet for reisande er ferjesambandet Stårheim–Isane, eller å køyre om Stryn.

– Alle bilistane vart orientert på siste turen at det ikkje var sikkert at vi kom til kai. Nokre valde å snu og køyre rundt. Andre valde å bli med, fortalde Økland.

– Og prognosane tilseier ikkje at sambandet kjem i gang med det første?

– Det skal vere grisevêr til i morgon tidleg, men vi må berre sjå det an time for time her.

Kolonnekjøring Hovden

Mellom Hovden og Haukeli på riksveg 9 er det tysdag ettermiddag innført kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Foto: Jan Wiktor Sællmann

– Bør planlegge

Sjølv om det ikkje er meldt ekstremvêr, så blir reisande oppmoda om å planlegge reisa si om ein avheng av ferje eller fjellovergangar.

Uvær på E134 over Haukelifjell

UVÊR: Vestlandsrevyen hadde denne rapporten frå Haukelifjell tysdag kveld.

– Når vinden kjem opp i stiv kuling i fjellet, så kan det bli fokk og redusert sikt. Med fem-seks minusgrader og 10–20 millimeter nedbør, så er det så pass at det kan bli innført kolonnekøyring og i verste fall stengde fjellovergangar, kunne John Andreas Omdal, trafikkoperatør i Statens vegvesen, opplyse på morgonkvisten.

Omdal oppmodar reisande til å følgje med og oppdatere seg på veg- og føremeldingar. Det er meldt om vindkast på opp i 25–30 meter i sekundet i indre strok. Slikt kan på kort varsel stengje ein fjellovergang.

Ny storm på veg mot kysten av Vestlandet.

STORM: Det blir mykje vêr på Vest- og Sørlandet utover ettermiddagen tysdag.

Foto: Meteorologisk institutt

Stormen er venta inn over Vestlandet ut på ettermiddagen tysdag, noko som til først på onsdagen er venta å gi vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Norge.

Slik er status på fjellovergangane onsdag:

  • E6 Dovrefjell: Snø- og isdekke, vanskeleg å køyre somme stadar på grunn av snøfokk.
  • Ev 16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • Ev 134 Haukelifjell: Snø- og isdekke.
  • Rv 7 Hardangervidda: Snø- og isdekke.
  • Rv 9 Hovden-Haukeli: Snø- og isdekke.
  • Rv 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke.
  • Rv 15 Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, fare for glatte parti, redusert sikt grunna snøføyk.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fv 27 Venabygdsfjellet: Stengt på grunn av uver. Ny vurdering klokka 15.
  • Fv 40 Dagalifjell: Snø- og isdekke. Bert i spor.
  • Fv 50 Hol-Aurland: Snø- og isdekke og stadvis redusert sikt.
  • Fv 53 Tyin-Årdal: Snø- og isdekke.
  • Fv 60 Utvikfjellet: Opna igjen etter å ha vore stengt i natt.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.