NRK Meny

Storkontroll av beltebruk i buss

Denne veka blir det storkontroll for å sjekke beltebruk i bussar på Vestlandet, melder Statens vegvesen. I fjor haust blei heile 2.465 busspassasjerar og sjåførar kontrollert på Vestlandet. Kontrollane viste at 274 sat utan belte på i bussen. Passasjerar og sjåførar utan belte risikerer eit gebyr på 1.500 kroner.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå