NRK Meny
Normal

Storkontrakt til Blaalid AS

Blaalid AS på Raudeberg i Vågsøy har fått oppdraget med å utvikle og bygge ein stor brønnbåt til reiarlaget Rostein AS i Harøy på Sunnmøre.

Slik skal brønnbåten frå Blaalid AS sjå ut

Skipet skal leverast på seinsommaren 2007, og i kontrakten inngår og opsjon på endå eitt farty, med tanke på levering første halvår 2009.

Største brønnbåten i landet

Fartyet blir den desidert største brønnbåten i landet, med eit brønnvolum på 2600 kubikkmeter, den er 72 meter lang og 15 meter brei, og har ei innreiing for åtte personer. Båten skal kunne frakte 400 tonn levande laks.

Skrogbygging på Løkjaneset

Skroget til fartyet skal byggjast ved Blaalid sitt eige skrogverft på Løkjaneset ved Nordfjordeid. Det gjer det mogeleg med tidleg utrustning og vesentleg betre oppfylgjing enn ved skrogbygging utanlands. Dette gir auka leveringstryggleik og kortare byggjetid.

Kontrakten vil gje arbeid til 100 tilsette på verftet på Løkjaneset i seks månader.

Rostein AS er i dag eitt av dei største brønnbåtreiarlaga i Noreg, og har for tida åtte båtar tilgjengeleg for transport, sortering og teljing av fisk.

- Allsidig verft

- Kontrakten med Rostein AS viser at Blaalid er eit svært allsidig verft som i tillegg til ombyggingar og reparasjonar også kan handtere utvikling og bygging av større spesialfarty. For verftet er det viktig å bevise at vi gjennom eigne ressursar og tett samarbeid med lokale underleverandørar og samarbeidspartnerar kan ta på oss denne type oppdrag, trass i at Blaalid framleis er eit lite verft, skriv Blaalid AS i ei pressemelding.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.