Hopp til innhold

Storkontrakt berga rehabiliteringssenteret

Rehabiliteringssenteret på Haugland treng ikkje stengje dørene i januar likevel. I staden kan dei byggje ut og tilsetje fleire.

Hauglandssenteret i Fjaler.

HELD FRAM: Med ny kontrakt, fleire tilsette og fleire pasientar, må rehabiliteringssenteret på Haugland byggje nytt. Neste haust står truleg to nye bygg klare til å erstatte dei tre gamle hyttene frå 1980-talet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Rehabiliteringssenteret på Haugland har sikra seg ein seksårig kontrakt med Helse Vest, skriv Firda.

Det betyr at senteret vil tilsetje ni nye, byggje ut og ta i mot fleire pasientar.

– I januar hadde det nok vore kroken på døra for oss om vi ikkje hadde fått denne kontrakten, seier Inger Johanne Osland, administrerande direktør ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter til avisa.

inger johanne osland

GLAD: Inger Johanne Osland jublar over storkontrakten med Helse Vest.

Foto: Johan Moen / NRK

Kontrakten, som trer i kraft frå 1. januar neste år, er verdt 66 millionar kroner. Den sikrar også senteret opsjon på eitt pluss eitt år.

I samhandling med Nav, fastlegar, arbeidsgjevar og pasienten driv senteret i hovudsak med arbeidsretta tilbakeføring av pasientar med ulike problem.

I dag har kring 80 personar sin arbeidsplass på senteret. Utover hausten og til neste år kjem det fleire.

Dei treng mellom anna fleire legar, sjukepleiarar og fysioterapeutar.

– Vi vil knytte til oss folk med litt meir spisskompetanse, seier Osland til Firda.