Hopp til innhold

Fiskerikonsernet Nergård AS vil etablere seg i Måløy

Det store nordnorske fiskerikonsernet Nergård AS er interessert i å etablere seg i Måløy. Det stadfestar administrerande direktør Tommy Torvanger.

Nergård AS i Senjahopen

STORKONSERN: Nergård AS er det nest største fiskerikonsernet i Nord-Norge.

Foto: NRK

Det var i eit intervju med Norsk Fiskerinæring Torvanger fortalde at dei ynskjer seg eit fotfeste på Vestlandet. Til NRK.no stadfestar han dette.

– Vi vil gjerne ha tilgang til meir makrell, og då er Måløy ein ideell stad.

Tommy Torvanger

TOPPSJEF FRÅ BREMANGER: Tommy Torvanger ar administrerande direktør i Nergård AS.

Sogn og Fjordane-innslag

Men han seier at planane førebels er lite konkrete, og at det difor ikkje er så mykje meir han kan seie.

Tommy Torvanger er opphaveleg frå Bremanger og har m.a. ei fortid som keeper på Tornado. Han har vore toppsjef i Nergård AS i Tromsø i tre år. Og han er ikkje den einaste frå Sogn og Fjordane i toppen av konsernet.

For Arne Stang frå Stongfjorden er sterkt inne på eigarsida. Hans selskap Arne Stang AS og Welcon Invest AS eig til saman 50% av Nergård Holding AS, som igjen eig Nergård AS.

I tillegg er Bjarte Tunold frå Bryggja styremedlem i Nergård AS, og tungt inne på eigarsida.

440 tilsette og fem fiskebåtar

Nergård AS har 440 tilsette. Det starta som eit familieføretak i 1947, men omsette i 2012 for vel 1,2 milliardar kroner. Det har produksjon fleire stader i Nord-Norge og eig i tillegg fem store fiskebåtar.

Konsernet driv med både sild, makrell og kvitfisk (m.a. tørrfisk) og er det nest største fiskerikonsernet i Nord-Norge..