Hopp til innhold

Storkonsern investerer millionar i Gaupne

Tekstilkonsernet Avery Dennison NTP investerer stort i avdelinga si i Gaupne i Luster. – Det er gledeleg at tekstilindustrien vil satse i Norge, seier dagleg leiar.

Tom Dyrdal i NTP på Gaupne

NØGD: Tom Dyrdal er strålande nøgd med dei store investeringane i NTP på Gaupne.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

– No investerer konsernet i Gaupne i staden for i dei store tekstillanda som Kina, Honduras og Vietnam. Det tek vi som ei stor tillitserklæring, seier dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne, Tom Dyrdal.

Transfermerkebedrifta har meir enn 170 tilsette, og produserer mellom anna trykk til fotballdrakter.

Barcelona FC er berre ein av fleire internasjonale kundar. På kundelista har dei andre fotballklubbar i Premier League, Formel 1, Mercedes og Puma. I Norge leverer dei trykk til 70 prosent av marknaden.

I 2016 sette verksemda omsetnadsrekord med 140,4 millionar. Både kundar i Norge og spesielt i utlandet spør etter produktet deira.

No satsar dei altså endå meir i sognebygda.

– Den investeringa vi gjer i Gaupne er den største av sitt slag i vår historie, og den er veldig stor i vår bransje, seier Dyrdal.

Avery Dennison NTP

STOR PRODUKSJON: NTP har meir enn 170 tilsette på Gaupne.

Foto: Sigrid Skjerdal

Har hatt gode overskot i ti år

Når konsernet i Avery Dennison NTP no vil satse i Gaupne, er det for å ta større marknadsdelar, både i Norge og i utlandet.

– Vi investerer 20 millionar kroner, og det er hovudsakleg i ny teknologi. Det vil gjere oss i stand til å ta nye delar av den internasjonale marknaden, seier Dyrdal.

Bedriftsleiaren trur avdelinga i Gaupne berre kjem til å vekse seg større.

– Den gjengen som er her i Gaupne skil seg ut frå resten av konsernet, trur eg. Vi har ei historie for å gjere det bra. Vi har hatt stor vekst dei siste ti åra, og har levert solide overskot. Det er ein veldig engasjert gjeng,.