Dagleg leiar i Gulen og Masfjorden Utviklingsselskap, Ola Byrknes seier det er vanskeleg å overbevise investorane.
Byrknes vil ikkje sei kor mykje kapital dei manglar, og heller ikkje kva som blir gjort for å sikre vidare utbygging.
Det er alt investert 50 millionar kroner i kai- og serviceanlegg i Sløvåg, som tek seg av vedlikehald og service av båtar til og frå Mongstad. I dag gir det arbeid til mellom 20 og 50 personar i dei mest travle tidene. Men det har langt frå vore så travelt som dei har ønska seg. Den tidlegare Gulen-ordførarene vedgår at prosjektet har gått tyngre enn han hadde trudd.
Sjølv om det for tida ser mørkt ut, er Byrknes optimistisk på at dei skal få finansieringa i orden.