Hopp til innhold

Storhøi i ny film om kunstnaren Nikolai Astrup

Norske Dennis Storhøi og Broen-stjerne Thure Lindhardt spelar sentrale roller når livet til kunstnaren Nikolai Astrup får premiere til hausten.

Dennis Storhøi i Flammen over Jølster

SPELAR MENTOR: Dennis Storhøi spelar Anton Fonn. Mannen som fekk Nikolai Astrup til å bli kunstnar og ikkje prest, som faren ville.

Foto: Handmade Films in Norwegian Woods

For få dagar sidan var produsentane bak filmen på filmfestivalen i Berlin og promoterte filmen for internasjonale agentar og selskap.

– Der har vi vore på møter med ulike distributørar og salsagentar som skal ha hovudvekt på å få filmen, kunstnaren og kunsten hans ut i verda, seier produsent Einar Loftesnes til NRK.

Meir kjend internasjonalt

Dokudramaet har fått tittelen «ASTRUP – Flammen over Jølster på norsk», medan «Catching the flame» er den engelske tittelen. Planen er premiere på norske kinoar til hausten.

Dei siste åra har kunstnaren Nikolai Astrup kome i eit heilt nytt søkelys, mellom anna med store utstillingar i England og Tyskland. Målet til filmskaparane er å få kunstnaren og kunsten enda lenger ut til eit større publikum.

– Eit av måla vi har er at Astrup og bileta hans skal kome ut i verda. Det er ein film om Nikolai Astrup sitt liv frå han blir fødd til han døyr. Det handlar om kunsten hans, kvifor han malte som han gjorde og kvifor bileta blei slik dei vart, både i høve fargebruk og motiv, fortel Loftesnes.

Broen IIII

FRÅ BROEN TIL BYGDA: Thure Lindhardt (t.v.) spelte dansk politietterforskar i siste sesongen av Broen. No er han aktuell i ny, norsk film. Her saman med Sofia Helin.

Foto: Karl Nordlund / DR

Broen-stjerne i hovudrolla

Danske Thure Lindhardt har hovudrolla som Nikolai Astrup. Han blei kjend for publikum utanfor Danmark i rolla i den siste sesongen av Broen.

– Astrup var ein veldig, veldig stor kunstnar, og eit interessant menneske. I staden for å reise vekk, så valde han slå seg ned heime på Jølster og sa at her skulle kunsten gjerast, sa Thure Lindhardt til NRK sist sommar.

På rollelista er også den meritterte norske skodespelaren Dennis Storhøi som Astrup sin mentor, Anton Fonn. Kona Engel blir spelt av Henriette Marø, som vi kjenner frå TV-serien «Side om side» på NRK.

– Stor interesse

Men kor stor er interessa for filmar om kunstnarar? Stor, meiner produsent Einar Loftesnes.

– Berre i år er det fleire Van Gogh-filmar ute. Blant anna ein stor film som kjem på kino no i februar med Willem Dafoe i hovudrolla. Vi ser også NRK med Munch-dokumentarar. Det er veksande interesse for kunstnarar som levde på den tida der, meiner produsenten.

Her er den første traileren til filmen:

Priseld Astrup

KJENDE VERK: Priseld kalla Nikolai Astrup dette maleriet som skildrar jonsoknatta i Jølster.