NRK Meny
Normal

Haugstad kan få storfusjonen han ønskjer

BERGEN (NRK): Høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund seier ja til å greia ut ein storfusjon - og vil ha med seg Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det lokkar fram smilet hjå statssekretær Bjørn Haugstad (H).

Bjørn Haugstad

GODT NØGD: Statssekretær Bjørn Haugstad (H) er glad for at rektor Liv Reidun Grimstvedt ved Høgskulen i Stord/Haugesund (t.v.) og Høgskulen i Bergen startar fusjonsutgreiing, og at HiSF blir invitert med.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me kjem til å drøfta dette med høgskulestyret på fyrste styremøte 23. og 24. september, seier rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Kongstanken om eit storuniversitet på Vestlandet for lærar-, sjukepleie- og ingeniørutdanningane er igjen blitt høgaktuell.

Ole-Gunnar Søgnen

ENDELEG: Rektor ved Høgskulen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen, har lenge ivra for storuniversitet på Vestlandet for lærar-, sjukepleie- og ingeniørutdanningane. No kan det bli realitet.

Dei siste dagane har nemleg regjeringa samla alle høgskule- og universitetsrektorane på Vestlandet for å løysa den lenge fastlåste situasjonen i vest.

Utfallet av møtet er at høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund seier ja til å greia ut ein storfusjon - og vil ha med seg Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Glad Haugstad

Det gler statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet. Han har ei klar oppmoding til høgskulestyret i Sogn og Fjordane.

– Eg oppfordrar styret til å delta i ein slik prosess for å finna ut av grunnlaget for ei eventuell samanslåing på Vestlandet. Utgangspunktet må sjølvsagt vera at yrkesutdanningane i Sogn og Fjordane skal koma styrka ut av eventuelle endringar.

Haugstad meiner ein fusjon må til, mellom anna for at HiSF skal greia å husa den nye femårige lærarutdanninga, som truleg blir innført frå 2017.

Vestlandsfloken

Medan mange høgskular og universitet elles i landet har slått seg saman, har fusjonsarbeidet på Vestlandet stått i stampe, mellom anna fordi HiSF vil vera åleine.

No kan dette endra seg: I tillegg til ei fusjonsutgreiing med Bergen og Stord/Haugesund, er òg ein fellesanalyse med Høgskulen i Volda aktuell, noko som òg blei drøfta på rektormøtet i Bergen. Å greia ut vidare åleinegang, som vil vera i tråd med sjølvstendelinja til det gamle HiSF-styret, er òg eit mogleg utfall.

Stokke og Roppen

HiSF+VOLDA=? HiSF-rektor Rasmus Stokke (t.v.) og rektorkollega i Volda, Johann Roppen, er opne òg for ei fusjonsutgreiing.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Regjeringa har sett frist for utgreiinga til 1. januar 2016. Dersom HiSF skulle velja å stå åleine, skal kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ta stilling til å om dei får lov til det. Då kan tvang bli aktuelt.

Dersom HiSF går for samanslåing, kan det bli fusjonsforhandlingar våren og hausten neste år.

Styrken til høgskulen

Uansett utfall er føresetnaden at HiSF framleis skal vera viktig for bedriftene og kommunane i Sogn og Fjordane, seier rektor Stokke:

– Det me har signalisert til dei andre høgskulane, er at HiSF i utgangspunktet har ei open haldning til å gå inn i fusjonsutgreiingar, og så blir det styret som avgjer kva me endeleg gjer.