Hopp til innhold

Det har vore 150 skadeflaumar i Sogn og Fjordane sidan 1600-talet

Flaumen den 28. og 29. oktober var ekstrem og gjorde stor skade. I Flåm var den utan tvil den verste i manns minne. Men går vi tilbake i historia vil vi sjå at det har vore ei nesten endelaus rekkje av skadeflaumar i Sogn og Fjordane.

Flåmselvi sine herjingar
Foto: Oddleif Løset / NRK

Lars Andreas Roald er forskar i NVE, og han gav i 2013 ut boka «Flom i Norge». Der har han funne opplysingar om flaumar heilt tilbake til 1600-talet. Berre i Sogn og Fjordane har han dokumentert rundt 150 flaumhendingar.

Roald seier at flaumane i Odda og på Voss var rekordflaumar, men i Flåmselvi har det vore større vassføring tidlegare.

– Men flaumen i Jølstra var svært stor samanlikna med tidlegare flaumar.

Førebels kan ikkje NVE seie om desse flaumane skal definerast som 50- eller 200-årsflaumar.

– Flaumane no i slutten av oktober er av ein type som blir kalla atmosfæriske elvar. Varm luft frå tropiske område var medverkande til den store vassføringa, seier Roald.

Flaumen i Jostedalen 1979

STOR SKADE: Ei av bruene som vart tekne av flaumen i Jostedalen i 1979.

Foto: NRK

Mange av dei som lever i dag hugsar sikkert storflaumen i Jostedalen 14. til 15. august 1979. Då kom det 70 millimeter regn, og kombinert med høg temperatur og stor bresmelting førde dette til at Jostedøla fløymde opp og gjorde skade på rundt 100 hus.

Så lang som eit vondt år

Men går vi lengre tilbake enn «manns minne», så er det i boka dokumentert ei liste så lang som eit vondt år over skadeflaumar. Her er berre eit utdrag med dei mest alvorlege hendingane:

  • Den 8. september 1662 var det storflaum i Jølstra, det var stor skade på naust, båtar, kvernhus, åker og bø. «Verre enn noko i manns minne».
  • Den 8. septemer 1686 var det på ny storflaum i Jølstra, endå verre enn i 1662: «Gud werre os Syndigs Naadige».
  • I 1692 var det ekstremflaum i Lærdalselvi.
  • 25. mars 1718 øydela ei snødemme fem hus på Indre Furefjerdingen i Hornindal - 48 husdyr gjekk med.
  • Den 3. og 4. april 1722 var det skadeflaum på Flo i Oppstryn på grunn av oppdemming av snøskred. Fire menneske og minst 78 husdyr strauk med, og 23 hus vart øydelagde.
  • Same året - 1722 - var det storflaum i Flåmselvi - tre kvernhus vart tekne.
  • 3. til 11. desember 1743 var det ekstremflaum på Vestlandet frå Ryfylke til Sunnmøre, m.a. omkom alle utanom to på Tungøyane i Oldedalen, det var stor skade på Stødno i Lærdal.
  • Juli 1789 - flaum i Myklebustdalen i Gloppen etter fønvind og stor bresmelting.
  • Boka Flom i Norge

    DOKUMENTERTE FLAUMAR: I boka «Flom i Norge» finn ein ovrsyn over alle storflaumane.

  • Oktober 1793 - Flaum og jordskred på Brekke, Tero, Laoi, Skaim, Tokvam, Mjå og Prestegarden i Aurland. Flåmselvi oppdemd ved Tokvambrui.
  • 30. september 1805 - Ti hus på Stauri i Stryn tekne av flaum, ikkje tap av menneskeliv.
  • 11. juli 1826 - storflaum i Aurlandselvi i Aurland, og i Tya, Utla og Fardøla i Årdal.
  • 18. til 20 juni 1860 - ekstremflaum i Lærdalselvi og Årdalselvi.
  • Same året vart Lidal ved Fjærlandsfjorden øydelagd av skred og flaum.
  • Mai 1879 - vart ti hus på Styvi ved Nærøyfjoren tekne av storflaum då ras demde opp elva.
  • Same året var det skadeflaum i Lærdalselvi og i Tya og Utla i Årdal.
  • 27. desember 1881 var det storflaum i Daleelva i Høyanger.
  • I juli 1895 var det jøkullhlaup frå Brimkjelen i Leirdalen i Jostedalen. Det same gjentok seg i 1897, 1899,1900 og 1903.
  • 25. juli 1901 var det storflaum i Loen.
  • 14. til 15. januar 1905 - flodbylgje etter fjellskred tok livet av 61 menneske i Lodalen.
  • 16. til 18. august 1906 - storflaum i Årdal - fire bruer over Utla vart øydelagde. Også Hornindalsvatnet fløymde over desse dagane.
  • 22. til 24. november 1906 - storflaum i Årdal, Lærdal, Gaular, Jølstra og Breim - kombinasjon av mykje regn og snøsmelting. Same året tok flaum Tokvambrui i Flåm.
  • 4. oktober 1908 - storflaum i Strynselva, flaum i Lovatnet og i Olden.
  • 6. til 8. juli 1914 - storflaum i Aurland, Årdal, Stryn, Loen og Olden. Tokvambrui i Flåm vart på ny teken av elva.
  • 21. til 22. juni 1920 - storflaum i Lærdal, Årdal og Aurland.
  • 4. november 1921 - storflaum i Hornindalsvatnet.
  • 14. august 1926 - jøkulhlaup frå Brimkjelen i Leirdalen i Jostedalen - rundt 20 millionar kubikkmeter, fleire gardar vart overfløymde.
  • 9. februar 1928 - intenst regn på mykje snø - skade på 70 hus i Sogn.
  • 28. til 29. januar 1932 - storflaum i Sunnfjord og i Eidselva på Nordfjordeid.
  • 5. mai 1934 - flaum i Geisdøla på Årdalstangen etter oppdemming på grunn av snøskred.
  • 13. september 1936 - flodbylgje etter fjellskred drap 74 menneske i Lodalen.
  • 1937 og 1938 - nye jøkullhlaup frå Brimkjelen i Jostedalen.
  • 13. november 1938 - storflaum i Dyrdal ved Nærøyfjorden - på eitt bruk vart alle husa sopte på fjorden.
  • 24. til 27. november 1940 - storflaum frå Ryfylke til Sunnfjord - 229,6 mm regn på Indre Matre.
  • 10. til 11. oktober 1953 - storflaum med lokale utslag frå Hordaland til Nordfjord.
  • 22. oktober 1956 - stor flaum i elvane i Øvre Årdal, flaum i Daleelva i Høyanger.
  • 3. oktober 1957 - storflaum på Stadlandet etter kraftig regn.
  • 7. til 8. september 1966 - storflaum i Sunnfjord - restar av tropisk orkan gav mykje nedbør - 240 mm i Hovlandsdalen. Stor bresmelting på vestsida av Jostedalsbreen og sørsida av Ålfotbreen.
  • 10. januar 1971 - storflaum i Nærøyelvi i Gudvangen, også flaum i Sunnfjord og Breim.
  • 2. til 3. november 1971 - storflaum i Daleelva i Høyanger gjorde stor materiell skade. Les artikkelen Flaumhaustane 1956 og 1971 i Fylkesleksikonet.
  • 8. januar 1973 - Flaum etter regn og snøsmelting i Luster og Vik i Sogn, Fjaler i Sunnfjord og Eid og Selje i Nordfjord med betydeleg skade.
  • 14. til 15. august - storflaum i Jostedalen - stor skade på vegar, bruer og innmark. 100 hus vart meir eller mindre skadde.
  • 16. august 1983 - flodbylgje etter fjellskred på Årdalstangen gjorde stor materiell skade.
  • 26. oktober til 1. november 1983 - lokal storflaum fleire stader på Vestlandet etter langvarig regn.
  • 30. august 1997 - storflaum i Nigardselva i Jostedalen, også i Mørkridselvi i Luster og i Olden var det stor flaum.
  • 22. november 1998 - ekstrem regnflaum i Gulen etter 129 + 158 mm regn ved Takle.
  • 4. september 1999 - stor flaum i Olden og i Sægrova i Jølster.
  • 8. mai 2004 - bredemme på Jostedalsbreen brast - flaum og flaumskred gjorde skade i Supphelledalen i Fjærland.
  • 28. oktober 2007 - stor regnflaum og elvebrot gjorde stor skade i Skjerdalen i Gloppen. Les: Får 2,2 millionar etter flaum
  • 5. juli 2011 førde ekstrem nedbør i ein time til store skadar frå Blakset i Stryn til Lote i Eid. Skadar for 20 millionar kroner. Les: Flaum gjorde store skader i Stryn
  • 27. til 29. oktober 2014 - storflaumen i Flåmselvi i Aurland, Lærdalselvi og Førde. Flaum i Utla i Årdal, i Fjærland, i Guddalselva og ved Hyefjorden.
Bil fanga av Jølstra.

HØG VASSTAND: På Vie i Førde steig Jølstra så mykje at vegen mellom brua over til Kronborg og sjukehuset vart stengd 28. oktober i år.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK