NRK Meny
Normal

Storfisk for ung storfiskar

Erling Finden fiskar for første gong i elva Vikja denne sumaren. Ein lang sumar med intens kamp mot laksen har endeleg betalt seg.

Erling Finden

HARD KAMP: Men her er det synlege beviset på at innsatsen har lønna seg for 12 år gamle Erling Finden.

Foto: Privat

– Det var ei god kjensle, det var veldig moro!

For han fekk endeleg storfisken på 8,8 kilo han har jobba hardt for. Veldig hardt.

Ein litt annleis ferie

Den unge fiskeentusiasten starta 28. eller 29. juni, og 12-åringen har ikkje gjort som mange andre skuleungdomar gjer i ferietida: sove frampå.

I staden har han teke på seg fiskeutstyret fleire timar før dei fleste har sett vekkarklokka på slumring for første gong.

– Eg er oppe halv seks eller halv åtte, og fiskar fram til tolv. Mellom tolv og fire er det freding, og av og til fiskar eg på kvelden også.

– Eg var usikker

Erling Finden

LIKE STORE: Dei to er nesten like store.

Foto: Privat

Det vart ein hard kamp mot storfisken.

– Det var ganske tungt. Laksen kjempa og hoppa, og då kan det bli slakk og kroken kan losne. Eg var usikker.

– Men då fisken var inne ved land såg eg at han hang godt og at han hadde bite skikkeleg.

Utanom ein liten laks på 3,4 kilo, er dette den første og dermed den største fisken 12-åringen har fått.

No går skuleferien mot slutten, men Erling Finden brukte sundagen på same måte som han har brukt mange dagar denne ferien.

– Eg var nede i dag tidleg også. Eg fekk ingenting, men det var ingen andre som fekk noko heller. Det er ikkje alltid det biter, det handlar om flaks, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser