Helge Hafsås sprang laurdag inn til sin 17 siger i Hornindalsvatnet maraton.
Tung start
- Eg kjente at eg gjekk tungt frå starten. Eg fann ikkje den gode kjensla, seier Hafsås frå Olden IL til
.Løpet er på 42.195 meter og startar på nordsida av Hornindalsvatnet.
For det fine vêret prega deltakarane. Med høge temperaturar vart det ekstra tungt å springe.
32 personar fullførte likevel heilmaraton og 42 sprang i mål i halvmaraton.
Bjørn Fretland frå Jotun idrettslag vart nummer to i herreklassa med tida 3.07.08 og på tredjeplass kom Rune Endre Jensen frå Hitra FIK med tida 3.10.31.
- LES OGSÅ:
Glad for endå ein siger
Også vinnaren var prega av heten, og seier til avisa at han ikkje er nøgd med tida han sprang på.
- Det var varmt, seier han som likevel var glad for å stikke av med sigeren nok ein gong.
Dorte Foss frå Raufoss idrettslag stakk av med sigeren i kvinneklassa med tida3.22.19. Det er fem minutt bak rekorden ho sette i fjor.
- LES OGSÅ:
Har 160 sigrar
Hafsås har no tilsaman vunne heile 160 maratonløp og 15 ultraløp.
I halvmaraton vann nederlendaren Rolf Ringenaldes med tida 1.20.32.
Og dei bratte bakkane i løpet var krevjande for han.
- Laupet bestod av mange oppoverbakkar, det var slitsamt. Slik er det jo ikkje i Nederland, seier han til avisa.
Nancy Eggen frå Velledalen idrettslag vann kvinneklassa med tida 1.46.07.
- LES OGSÅ: