Storfavoritten har storebror som sin største utfordrar

ØSTERSUND (NRK): Johannes Thingnes Bø fryktar storebror Tarjei Bø mest på dagens sprintdistanse under VM i skiskyting.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø

IMPONERT: Johannes Thingnes Bø (t.v.) er imponert over det Tarjei Bø har fått ut av oppkøyringa til VM. – Han går betre på ski og verkar veldig bestemt etter at han stod over verdscuprenna. Han har lagt ned ein utruleg bra innsats, seier han.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Heilt klart. Han ser veldig sprek ut. Han går betre teknisk på ski, og då går det fortare med den kapasiteten han har, seier verdscupleiaren med fire VM-gull frå tidlegare.

– Gir ikkje frå seg

Johannes Thingnes Bø og Noreg fekk ein perfekt start då mixed-laget gjekk inn til stafettsiger torsdag. Laurdag er det mennene sin sprint som står på programmet.

Ein disiplin 25-åringen har vist seg svært sterk på denne sesongen. Men det er ikkje Alexander Loginov (Russland) eller Simon Desthieux (Frankrike) stryningen fryktar mest når han i ettermiddag kjempar om sitt første individuelle gull i meisterskapen.

For bak storfavoritten frå Stryn lurer ein fem år eldre storebror med åtte VM-gull.

– Tarjei trivst godt i løypene i Østersund og vann sprinten her i fjor. Han veit korleis han skal løyse det, og har han byrja å opne litt hardare på førsterundane sine også. Tarjei sprekker aldri. Er han i posisjon, så gir han ikkje frå seg noko som helst, seier Thingnes Bø.

EM-gull gav sjølvtillit

Eldstemann Bø stod over fleire verdscuprenn og lada opp til VM med trening og to EM-titlar i Minsk. Sjølv meiner 30-åringen å ha reist til Østersund med si beste opplading nokosinne.

– Eg kjenner meg trygg og har roa på at eg er meir enn god nok. Eg har fått trena og gått konkurransar i EM, der fekk opp sjølvtilliten og stadfesting på at er i form. Då krev ikkje eg noko meir. Då er det berre å komme seg på start og håpe det går bra, seier Bø.

– Han har fått den optimale oppladinga. Hadde eg ikkje kjempa om verdscupen totalt, så hadde eg vald det same sjølv, seier Thingnes Bø.

Gullfavoritten

Thingnes Bø blir av mange løfta fram som gullfavoritt på dei fleste øvingar under VM. Sjølv meiner han det bør vere gode sjansar for den første individuelle meisterskapsmedalje på sprinten.

– Eg har gått så mange bra sprintar tidlegare i år, så då er det kjedeleg å ikkje gå bra når det verkeleg gjeld, seier han og presiserer at han på ingen måte har innkassert medaljane på førehand.

– Renoppbygging for eigen prestasjon er viktig. Skiskyting er ein mental idrett. Du må vere skrudd saman på rett måte for å få det til å klaffe, seier avsluttar han.