Hopp til innhold

Storevik aktuell for 1. divisjonsklubb

Naustedølen Jacob Storevik er aktuell for 1. divisjonsklubben Kristiansund.

Jacob Storevik (innringa) vart cuphelt for Rosenborg.

INTERESSE: Jacob Storevik (innringa) kan hamne i 1. divisjon kommande sesong. Neste veke skal 18-åringen vise seg fram for Kristiansund.

Foto: rbk.no

Jacob Storevik har kontrakt med Rosenborg fram til sommaren, men kan få sin nye arbeidsgjevar 198 kilometer lenger sørvest.

Neste veke skal G18-landslagskeeperen vise seg fram for Kristiansund.

– Dei er på jakt etter ein ung keeper, og verkar interesserte all den tid dei ynskjer å ha meg nedover, seier den tidlegare Florø-keeperen til NRK.

Det blir stadfesta av trenar for klubben, Christian Michelsen.

– Vi er veldig spente på Jacob. Vi treng ein konkurrent til vår svenske keeper, som er ein rutinert mann i 30-åra, fortel trenaren.

Rutinert keeper

Det var rbkweb.no som først fortalde om interessa frå 1. divisjonsklubben. Storevik fekk før jul beskjed om at han ikkje er i trønderklubben sine framtidsplanar , men fordi trenar Kåre Ingebrigtsen trengde ein ekstra keeper var han likevel med då A-laget gjennomførte si første treningsøkt for året på tysdag.

Kristiansund har rutinerte Conny Månsson (35), som har kring 100 kampar i 1. divisjon, som sin førstekeeper.

– Det blir spennande, men dei har ein rutinert keeper. Det er fullt mogleg å konkurrere seg inn der om eg går dit, seier han til nettstaden.

Storevik skal vere med laget heile komande veke, og trenaren reknar med å i løpet av den tida danne seg eit godt bilete av om han kan vere rett mann for laget.

– Vi håpar å ha ei avgjerd mot slutten av den veka, seier Michelsen.

Kjempa om opprykk

Før jul sa Storevik til NRK at han ikkje har hastverk med å bli førstekeeper i ein klubb. Ein overgang til Kristiansund passer godt inn med 18-åringen sine eigne ambisjonar.

Mannskapet til Christian Michelsen enda på 4. plass i 1. divisjon, og tapte 0–2 for Bærum i kvalifiseringa til eliteserien.

– Eg trur det vil vere naturleg å setje seg mål om å vere i utfordrarposisjon til ein førstekeeper i ein Adeccoklubb, sa Storevik til NRK.

I tillegg til Kristiansund skal fleire 2. divisjonsklubbar, hovudsakleg i Trondheim, vore vist interesse for 18-åringen.