Hopp til innhold

Storehesten Opp blir NM i 2013

NM i motbakkeløp i 2013 er tildelt Gaular Idrettslag og Storehesten Opp.

Storehesten Opp

NM-LØYPE: For andre gong blir det NM Storehesten Opp. Biletet er frå då kenyanaren John Mnangat Sompol sette ny løyperekord i 2009.

Foto: Eirin Aardal / NRK

Det er sentralstyret i Norges Friidrettsforbund som i dag har avgjort dette.

Det er andre gongen NM blir lagt til Storehesten Opp.

Første gongen var i 2008 då Anita Håkenstad og den no avlidne motbakkekongen, Jon Tvedt, vart norgesmeistrar.

Ideell løypeprofil

Og Arne Øvrebø som sit i styret for Storehesten Opp er glad for avgjerda.

– Vi har visst ei stund at det gjekk mot at vi får arrangementet, men det er uansett fantastisk gledeleg. Vi fekk mykje lovord for arrangementet i 2008, og dessutan passar løypeprofilen vår ideelt til det dei ynskjer seg av eit motbakkeløp.

– Fjør i hatten

– Det er gledeleg at motbakkeløpsfylket Sogn og Fjordane igjen får tildelt NM. Storehesten Opp har gjennom mange år vist at dei kan levere gode arrangement, og NM-tildelinga er ei ekstra fjør i hatten for dei, seier dagleg leiar Narve Heggheim i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane.

Skåla opp i Loen var NM i 2005 og Fanaråken Opp i Luster var NM i 2007. Arrangementet i 2013 blir dermed fjerde gongen eit NM blir lagt til Sogn og Fjordane.