Hopp til innhold

Storebror Sogndal er varsam – storebror Voss pågåande

Sogndal beilar for forsiktig til nabokommunane, meiner professor. – Nei, det er klokt å avventa, seier ordføraren i Norges fyrste samanslegne storkommune.

Ordførar Aarvoll og ordførar Ringkjøb

ULIK STRATEGI: Der ordførar Jarle Aarvoll (Ap, t.v.) i Sogndal har lagt seg på ei varsam linje, har ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) i Voss lagt press på Vik og Aurland i samanslåingsprosessen.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Myrkdalen 30. april: Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) i Voss argumenterte sterkt for ein ny storkommune beståande av Vik, Aurland og storebror Voss på eit kommunesamanslåingsmøte.

Der Voss-ordførar tok initiativet og var pågåande, var tonen ein annan frå ein annan regionsenterkommune, Sogndal, på eit samanslåingsmøte med Vik, Balestrand og Leikanger 26. mai.

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal var forsiktig og argumenterte for å venta med ein intensjonsavtale til etter valet, i håp om at andre kommunar, og spesielt nabo og kraftkommune Luster, ville slutta seg til samanslåingssamtalane.

– For forsiktig

Ein slik framgangsmåte har små sjansar for å lukkast, meiner professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda:

– Sogndal må få til eit direkte personleg forhold til sentrale politikarar i Luster, samt å laga ein intensjonsavtale, før ein går vidare med samanslåingsarbeidet. Dersom ein ikkje får til denne personlege kommunikasjonen, får du heller ikkje bygd naudsynt tillit.

Jørgen Amdam

NØKKEL FOR Å LUKKAST: – Det er avgjerande at storebror nyt tillit hjå dei mindre nabokommunane, seier professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg har blitt litt kritisert for å prøva å lirka det på plass. Men i respekt for dei andre kommunane skal ikkje eg seia kva som er best for dei, svarar Sogndal-ordførar Aarvoll.

Motkrefter

Aarvoll har lenge drøymd om ein storkommune, der Luster er med. Men hjå naboen er skepsisen mot samanslåing grunnleggjande og sterk. Difor vil verken den sitjande ordføraren Ivar Kvalen (Sp) eller hovudutfordraren Arne Johannessen (Ap) ein gong snakka med nabokommunane før valet, både fordi dei er motstandarar av kommunereforma, og fordi dei er redde for å mista veljarar. Sogndals-ordføraren har måtta leggja opp strategien deretter:

– Hadde eg gått endå tydelegare ut med kva eg meinte var best for oss og regionen, så veit eg at det hadde løyst ut motkrefter, og debatten ville ha pensa over i feil spor, seier Aarvoll.

Voss pågåande

Der storebror Sogndal har vore varsam, i redsle for å trø naboane på tærne, har storebror Voss lagt eit betydeleg press på Vik og Aurland, for å få dei til å bestemma seg for om dei vil vera med vidare i ein samanslåingsprosess. Ein vellukka strategi, meinte Ringkjøb etter møtet i april:

– Me er samde om å gå vidare med ei utgreiing, og då har eg kome så langt som eg hadde håpa.

– Ver raus

Kommunesammenslåing

VER RAUS: – Det er avgjerande å behandla kvarandre med likeverd og respekt uansett storleik på kommunen, seier ordførar Bjørn Ole Gleditsch i Sandefjord, som saman med Andebu og Stokke blir storkommune i 2017. Her slår dei tre ordførarane med stats- og kommunalministeren etter fusjonsvedtaket i april.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

I 2017 blir nye Sandefjord kommune den fyrste storkommunen etter at regjeringa sette i gang kommunereforma. Strategien til ordførar Bjørn Ole Gleditsch (H) har likna på Aarvoll sin: Gleditsch har vore positiv til samanslåing, men har bevisst venta på at ein av dei mindre kommunane, Andebu eller Stokke, skulle ta initiativ. Han har følgjande råd til storebrorkommunar:

– Ver raus og behandla kvarandre med likeverd og respekt uansett storleik på kommunen – det er dei viktigaste momenta for å lukkast.