NRK Meny
Normal

Står føre store utskiftingar i leiinga neste år - samtidig kan skulen bli føreslått nedlagd

Rektor Åse Løkeland og fleire andre leiarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sluttar neste år i jobbane sine. Det skjer samtidig som framtida for høgskulen skal avgjerast.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

UTSKIFTINGAR: Rektor og fleire andre leiarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sluttar neste år. Det skjer samtidig som framtida til skulen kan stå i fare.

Foto: Steinar Lote/NRK

Åremålet til Løkeland og 14 andre i leiarskapen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane går ut i 2015.

Omtrent samtidig legg regjeringa fram ei stortingsmelding som kan kome til å føreslå nedleggingar av høgskular.

Dette er eit scenario vi har i bakhovudet, seier styreleiar ved høgskulen, Heidi-Kathrin Osland.

– Det er viktig at vi får med nokre erfarne folk på laget vidare, men samtidig er det alltid lurt med ei viss utskifting slik at vi får inn impulsar utanfrå. Men dette er heilt klart ei problemstilling som er med oss framover no, seier ho.

– Avgjerande med kontinuitet

Høgskulen i Sogn og Fjordane går inn i ei tid med store endringar i leiinga.

Neste år går nemleg åremålet til både rektor Åse Løkeland og 14 andre viserektorar, dekanar og instituttleiarar ut. Løkeland har leia høgskulen i fylket i to fireårsperiodar, og må slutte. Kor mange av dei andre leiarane som gir seg, er enno uvisst.

Men styret har nyleg lagt ein plan for å erstatte dei som sluttar. Dette er ein fornuftig plan, meiner hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved høgskulen, Frode Fretland.

Han meiner det å sikre kontinuitet i leiinga blir viktig, og er glad fleire blir tekne med i arbeidet med å finne erstattarane.

– Eg trur det blir heilt avgjerande, og difor må både representantar frå studentane, fagforeiningane, dei tilsette og leiarskapen vere med i arbeidet. Saman vil dei heilt sikkert vite om gode kandidatar til jobbane, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heidi-Kathrin Osland

IKKJE UROA: Heidi-Kathrin Osland fryktar ikkje styringsvakuum.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fryktar ikkje styringsvakuum

Samtidig med at rektor og andre leiarar kjem til å slutte, blir det også oppnemnd nytt styre for Høgskulen i Sogn og Fjordane neste år.

Regjeringa har varsla ein omfattande gjennomgang av høgare utdanning i Norge, og opnar mellom anna for å sjå på talet regionale høgskular rundt om kring i landet.

Stortingsmeldinga om dette vil kome om lag samtidig som dei store endringane i leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Om det skulle oppstå kamp om framtida til høgskulen, er styreleiar Heidi-Kathrin Osland ikkje redd for eit styringsvakuum.

– Eg er ikkje uroa for det. Men samtidig må vi sikre oss at dei som kjem inn kan vere med å påverke det politiske landskapet, slik vi har klart til no, seier ho.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast