NRK Meny
Normal

Store utfordringar for Førde

Ordførar i Førde, Nils Gjerland, vedgår at det er store utfordringar for Førde kommune når ein ny nettbank med 100 tilsette skal etablerast i Førde.

For Førde må skaffe både skule og barnehagepplassar når Gjensidige Bank kjem på plass.

- Vi ser føre oss fleire ungar både i skule og barnehageplass og at mange må skaffe seg hus. Her er vi tilretteleggjarar, så dette er ei flott utfordring å ta, seier han. 

Den nye banken skal etter planen vere etablert i løpet av eitt år, og det vil bli behov for å tilsetje kring 100 nye personar ved hovudkontoret, som skal liggje i Førde.

Det er Sparebanken Sogn og Fjordane som har fått ansvar for å byggje opp den nye Gjensidige Bank, som vil vere heileigd av dei to partane.

 

 

 

 

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast