I Sogn og Fjordane blir det i år brukt 900 millionar kroner på investeringar på fylkesvegane. Dette kan bli drastisk redusert når pågåande prosjekt som Bremanger-sambandet 2 og Dalsfjordsambandet står ferdig.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Samstundes veks etterslepet på vedlikhald og kostnadsveksten gjer at vegane blir dyrare å byggje. Lokalpolitikarar landet over vil no måtte lobbyere for kvifor dei likevel fortener meir pengar til vegane sine.
Forstår frustrasjonen
Leiar i transportkomiteen på stortinget, Knut Arild Hareide (KrF) seier han forstår at fylka opplever at det er altfor stor usikkerheit rundt kva prosjekt ein kan setje i gang med på fylkesnivå.
– Det er ein betydeleg frustrasjon, seier Hareide.
Etter at fylkeskommunane tok over riksvegane i 2010 fekk dei ekstra midlar for dei prosjekta som allereie var vedtekne. Men det herskar stor usikkerheit kring løyvingane til fylkesvegane frå 2014.
– I verste fall kan vi risikere å sitje att med ei årleg ramme til investeringar på pluss eller minus 60 millionar kroner. Og då vil det sjå mørkt ut, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (AP).
– Må opp i nasjonal transportplan
Neste vår skal Stortinget behandle ny nasjonal transportplan. Då vert det viktig å sjå på denne problemstillinga, meiner Hareide.
– Dersom vi ikkje gjer noko med dette raskt, så vil problemet berre bli større og større i åra framover, seier han.
Senterparti-politikar Jenny Følling meiner det er mange gode argument for å få statsrådar hit til fylket for å sjå kor store problem rasa i Olden-Innvik skapar.
– Ein kan gjerne gjere nokre mellombelse tiltak, men den beste strategien er å få bygd neste tunnell og få opprusta vegen slik at ein får dette ut av verda ein gong for alle, seier Følling.
– Det som blir vår oppgåve er å argumentere for at vi må oppretthalde det nivået på fylkesveginvesteringar som vi har komme opp i no, og vi kan dokumentere det veldig godt med dei store behova det er no på Olden-Innvik, seier Sp-politikaren.
Kan ikkje love noko
Samferdsledepartementet kan ikkje love meir pengar til fylkeskommunane sine vegbudsjett. Det seier statssekretær i Samferdsledepartementet, Erik Lahnstein.
– Vi kan ikkje på førhand gi garantiar i forhold til korleis kommuneoppgjera vil bli. Men vi har erfart at med raudgrønt styre og med Senterpartiet både i Samferdsle- og Kommunaldepartementet, så har det jo blitt eit heilt anna opplegg for fylka enn det ein har sett tidlegare, seier Lahnstein.
(Artikkelen held fram under biletet)
Han seier at usikkerheita som fylka har no er knytt til at det er sett i gang mange prosjekt, og at aktiviteten er større enn det ein har hatt tidlegar, men departmentet vil ta med seg innspelet om meir pengar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ein står ovanfor ein situasjon der ein må gjere krevjande prioriteringar. Det er noko som vi som sentrale politikarar må stå i, og fylkespolitikarane må stå i, seier han.
– Eg vil ønskje fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane lukke til med sitt viktige arbeid i forhold til å få budsjetta til å gå opp, og så noterar vi kravet om at ein ønskjer større rammer i forhold til vegane.