Store underskot for Hydro i Sogn

Hydro Årdal gjekk i første kvartal med eit underskot før skatt og renter på 112 millionar kroner, opplyser selskapet i ei pressemelding. Fabrikksjef Wenche Eldegard seier det økonomiske resultatet er prega av høge råvareprisar og låg pris på aluminium. Ved metallverket i Høyanger syner rekneskapen eit underskot på 21 millionar kroner før renter og skatt i første kvartal. – Det er ikkje kjekt å gå i underskot. I sånne situasjonar må vi jobba med det vi kan påverka som er å halda god og stabil drift. Men vi må gjere tøffare prioriteringar for å få ned kostnadane, seier fabrikksjef ved Hyrdo i Årdal, Wenche Eldegard. Ho seier det ikkje er snakk om å permitere tilsette.

Hydro Årdal metallverk 2016
Foto: Kjell Arvid Stølen