Hopp til innhold

Over 40 grader mellom den kaldaste og varmaste staden i landet

Mens vestlendingane opplevde vårtemperaturar på 13–14 plussgrader i natt, er det nærare 30 minusgrader lengst nord.

Kråkenes fyr

VÅRTEMPERATURAR: Ved Kråkenes fyr blei det målt 13,9 grader i natt.

Foto: Arne Stubhaug

Temperaturoversikta etter midnatt viser at det er målt 14,3 grader i Valldal i Møre og Romsdal, 14,2 grader ved Florida målestasjon i Bergen og 13,9 grader ved Kråkenes fyr i Sogn og Fjordane.

Samtidig var Suolovuopi i Finnmark kaldaste stad i landet i dag tidleg. 28,5 blå grader viste målestokken der.

Men særleg uvanleg er ikkje den store temperaturforskjellen, fortel statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

– Det er noko som skjer ganske ofte. Nord-Noreg har ein tendens til å bli innhylla i kald, arktisk luft, mens vi lenger sør får lågtrykk som dreg varm luft sørfrå opp til oss, seier han.

Ny rekord i Bergen

Ei vindretning frå søraust gjorde at det var venta uvanleg høge temperaturar på Vestlandet.

Temperatur i Førde 20. desember 2019

FØRDE: I Førde viste målaren 13,5 plussgrader i går kveld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg vil seie det er til ein viss grad uvanleg, samtidig har det skjedd før, seier Selberg.

14,2 varmegrader ved Florida målestasjon i Bergen er ny desemberrekord. Den førre rekorden var på 14,0 grader og blei sett i 1984.

Grøn jul mange stader

Varmerekorden for desember står seg likevel enno. Den blei sett 1. desember 1998. Då var det 18,3 varmegrader på Sunndalsøra i Møre og Romsdal.

I Fjærland blei det målt 16,5 plussgrader i desember 1984.

Mange drøymer om kvit jul, men det kan sjå ut til at jula heller blir grøn mange stader

– Skal det vere håp om skikkeleg kvit og og fin kul, er sannsynet høgast på indre Austlandet og i fjellet for Sør-Noreg. På kysten på Vestlandet ser det ikkje ut til at det blir snø, seier Selberg.

– I Finnmark og Troms er sjølvsagt også sannsynet mykje større for kvit jul, legg han til.

Laster Twitter-innhold