Hopp til innhold

Store temperaturforskjellar

Klokka 8.00 i dag tidleg var det 15,3 grader på Sandane lufthamn. I Lærdal var det på same tid nesten 10 gradar kaldare. Der vart temperaturen målt til 4,2 gradar. – 15,3 gradar er veldig varmt til å vere så tidleg på dagen. Eg trur fønvinden har hjelpt litt til her, seier vakthavande meteorolog i Bergen, Kristin Seter. Ho fortel at det blir ein fin dag i heile fylket. – Men det er venta litt vind på kysten. Akkurat no er det stiv kuling ved Kråkenes fyr, seier ho.