Hopp til innhold

Store tap for uforsikra skogeigarar

Skogeigarar på Vestlandet er svært dårlege til å forsikre skogen sin. Det betyr store tap etter at «Dagmar» har øydelagt store skogsområde.

Dagmar sine herjingar i Eid

STORMSKADER: Uvêret i romjula førte til store skader, også på skogen. Biletet er frå Eid i Sogn og Fjordane.

Foto: Øystein Torheim

Talet på bønder som har fått øydelagt skogen sin etter uvêret sine herjingar i romjula er høgt. Og dei aller fleste av desse har heller ikkje forsikring som dekkjer skadane.

Bonde Andre Øygard i Fjærland er ein av dei som ikkje har forsikra skogen, og som no må bu seg på store tap.

– Det har vore vanskeleg å tenkje seg at dette skulle skje. No ligg alt flatt, men eg har ikkje forsikring, seier Øygard.

Under ti prosent har forsikring

Etter «Dagmar» sine herjingar er det ikkje mykje att av den flotte granskogen til bonden i Fjærland. Og det er han ikkje åleine om. Mange ser no utover skogen sin og ser knapt eitt einaste oppreist tre.

Orkanen har ført til store tap av skog, mellom anna i Sogn og Fjordane. Her er det områda i indre Sogn og indre Nordfjord som er hardast råka. Og til liks med Andre Øygard er det mange som ikkje har forsikring.

Forsikringsselskapet Skogbrand er det einaste selskapet som forsikrar skog, og ei oversikt syner at skogeigarar i Sogn og Fjordane er blant dei dårlegaste til å forsikre skogen sin.

– I Sogn og Fjordane er det på lik linje med dei andre fylke på Vestlandet relativt liten del av skogen som er forsikra som storm, seier administrerande direktør Inge Fjalestad i Skogbrand.

I Sogn og Fjordane er det vel 6000 skogeigarar, men berre ein liten del har forsikring.

– Av desse 6000 har under ein av ti forsikring mot stormskader, seier Fjalestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

skogrydding|

SKOGRYDDING: Det blir ein krevjande jobb å få rydda opp etter uvêret sine herjingar.

Foto: Tor Yttri / Sognekraft

Skader for fleire titals millionar

Fram til 2005 vart stormskader på skog dekt av Naturskadefondet. Men no må kvar enkelt skogeigar forsikre skogsarealet sitt.

– Dei som ikkje har forsikra skogen sin gjennom Skogbrand, må bu seg på tap i inntekter, seier leiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Ingunn Kjelstad.

Ho seier dei stadig vekk får inn meldingar om øydeleggingar. Men førebels finst det ikkje noko fullgod oversikt. Det har heller ikkje Fjalestad i Skogbrand.

Fjalestad trur likevel at det er gjort skade for fleire titals millionar på landsbasis.

Innser at han er etterpåklok

Fjalestad meiner det er fleire grunnar til at skogeigarane manglar forsikring.

– Skogen betyr ikkje like mykje for alle, og i tillegg trur eg det kan vere mange som ikkje veit at Naturskadefondet ikkje lenger dekkjer denne typen skader, seier Fjalestad til NRK.no.

I Fjærland er Andre Øygard litt oppgitt. Han innser at han burde ha tenkt litt annleis i forhold til å forsikre skogen sin.

– Skogen ser ikkje så fin ut. Den ligg flat, og det vesle som står må nok hoggast, seier Øygard og legg til:

– Det er lurt å vere etterpåklok, men slik er det berre.