Hopp til innhold

Store tallerkar aukar matinntaket

FØRDE (NRK): Normal storleik på ein middagstallerken har vakse mellom fire og seks centimeter. Det har innverknad på kor mykje ein et.

Camilla Laukeland

STORE PORSJONAR: Klinisk ernæringsfysiolog Camilla Laukeland held opp tallerkenen dei brukar på sjukehuset, som er mykje mindre enn den ein får kjøpt i dag.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Viss ein har ein større tallerken, tek ein på ein større porsjon, seier klinisk ernæringsfysiolog Camilla Laukeland ved Helse Førde.

Det som er normal storleik på ein middagstallerken no, er ein god del større enn for nokre tiår sidan. Laukeland trur mange forsyner seg med meir enn dei eigentleg treng for å fylle opp dei store tallerkane.

– Det handlar om det visuelle, at vi vil sjå at maten fyller litt på tallerkenen. Vi overvurderer kor mykje vi treng, seier Laukeland.

Forsking viser at vi blir påverka

Kari Bugge

FORSKING: Ernæringsfysiolog Kari Bugge seier at det er heilt sikkert at vi blir påverka av storleiken på tallerkenen.

Foto: Privat

Blant anna ein studie gjort i USA på ernæringsfysiologar, viste at til og med fagfolk lét seg påverke.

– Ei gruppe ernæringsfysiologar var på eit sosialt lag, der halvparten fekk store isskåler og resten fekk små. Dei med store skåler forsynte seg med 31 prosent meir dessert enn dei andre, seier ernæringsfysiolog Kari Bugge hos Grete Roede.

Henriette Øien

DET VISUELLE: Avdelingsdirektør, Henriette Øien i Helsedirektoratet trur også det visuelle påverkar oss.

Foto: Helsedirektoratet

Kvifor det er slik er litt vanskeleg å seie, men Helsedirektoratet trur også at det kan ha noko med det visuelle å gjere.

– Eg har inga god vitskapeleg forklaring på dette, men det kan vere folk synest det ser litt stussleg ut om ein har ein stor tallerken, og berre litt mat på midten, seier Avdelingsdirektør, Henriette Øien ved Helsedirektoratet.

Store porsjonar er ein trend

Camilla Laukeland trur den generelle trenden med at porsjonane blir større kan ha ein samanheng med marknadsføring og sal.

– Har ein større porsjonar, sel ein også meir, seier Camilla Laukeland.

Tallerkane har vakse

Siri Monsen

HAR VAKSE: Siri Monsen hos Tilbords i Førde målte ein normal tallerken, og den var på 29cm.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

NRK besøkte ein butikk som sel gamalt servise, og ein som har dei nye typane middagstallerkar. Dei tilsette i begge butikkane målte diameteren på tallerkane. Det viser seg at nye tallerkar er opp til seks centimeter større enn dei var før i tida.

– Ja, dei har vakse. Den største vi har ligg på 29 centimeter, seier Siri Monsen hos Tilbords.

Aase Myklebust og Oddny Holmeset

FOR STORE: Dei to tilsette ved Bruktbutikken synest dei nye tallerkane er store.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– No er jo tallerkane så store at du omtrent ikkje får dei inn i oppvaskmaskina, seier Oddny Holmeset hos bruktbutikken.

– Og ikkje inn i mikrobølgeomnen heller, legg kollega Aase Myklebust til.

Handa di kan vere ein peikepinn

Camilla Laukeland seier ein kan finne ut kor mykje ein skal forsyne seg med ved å sjå på handflata si.

– Storleiken og tjukkleiken på sjølve handflata svarar om lag til mengda du treng av hovudrett. Og då skal det vere like stor porsjon av potet eller pasta og grønsaker, seier ho.