Store styrkar leita etter sakna person i natt

Mannskap frå både politi og brannvesen leita i natt etter ein sakna person i Førde. Etter all hell fann dei vedkomande.

Politiet i Førde

LEITEAKSJON: Politi, brannvesen og redningshundar leita etter den sakna i området kring Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har leita etter ein forholdsvis ung person, og vi ser på dette som eit helseoppdrag, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Per Rimmen.

Fleire personar leita store delar av natta før dei fann den sakna utanfor Førde sentrum.

– Vi fann personen utanfor tettbygd strok, seier Rimmen.

Politi, brannvesen og norske redningshundar var med på leiteaksjonen. 110-sentralen bekreftar at Førde brannvesen rykka ut.

Etter nokre timar med leiting fann leitemannskap personen i godt hald.

– Det står bra til med vedkommande, seier Rimmen.