Hopp til innhold

Store styrkar deltek i leitinga etter sakna

Det har blitt leita med full styrke i heile natt etter ein mann ved Haukåsen i Sogndal etter at han kom vekk frå turfølgje i går.

Innsatsleiaren frå politiet fortel leitemannskapar kvar dei skal fortsetje søket.

LEITEAKSJON: Kring 30 personar deltek i leitinga etter den sakna 37 år gamle mannen. Eit politihelikopter med varmesøkjande kamera er også sett inn i leitinga.

Foto: Christian Blom

– Redningshelikopteret har stort sett vore i lufta i heile natt, og 28 personar har leita på bakken, seier Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Ein 37 år gammal mann vart måndag kveld meldt sakna. Mannen var ein del av ei gruppe på seks personar frå ein institusjon som hadde vore på tur på Haukåsen i Sogndal, då han kom vekk frå følget sitt.

– Mannen er berre kledd i shorts og sko, og har vore sakna sidan klokka fem i går, fortel operasjonsleiar Trond Hatlenes, ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Får politihelikopter

Like før klokka ni tysdag er det klart at dei ein av dei to politihelikopter i Norge er på veg til Sogndal for å delta i leitinga.

– Redningshelikopteret har i natt søkt med varmesøkjande kamera. Det har også politihelikopteret som er på veg, seier Olaug Holme som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Leiteaksjon på Haukåsen i Sogndal

STARTAR FINSØK: I løpet av morgonen vil leitemannskapa starta finsøk langs vegane på Haukåsen, der ein 37 år gammal mann er sakna.

Foto: Fotograf Christian Blom AS

Krevjande leiting

Ein større leiteaksjon er sett i gang. Politi, redningshelikopter, og mannskap frå brannvesenet, Røde Kors, Norske Redningshunder og Sivilforsvaret deltek i søket som føregår i turområdet vest for Sogndal lufthamn.

– Det er varierande terreng. Det er både ulendt og bratt, så det er tidvis krevjande terreng å leite i, seier Hatlenes.

Litt ut på morgonen kjem også redningshelikopteret tilbake for hjelpe til i leitinga.

– I natt har det har vore mørkt og dårleg sikt, så når det lysnar av dag vil ein starte opp med manngard og finsøk langs vegane, seier Hatlenes.

Haukåsen