Hopp til innhold

Store steinar stengjer denne vegen

Fylkesveg 618 ved Sør-Pollen er stengt etter eit større steinras.

Steinras Sør Pollen

STORE STEINAR: Eit stort steinras sperrar no fylkesveg 618.

Foto: Glenn runderheim

– Det kom først ein stein, så gjekk det 10 minutt og eit stort ras kom. Steinblokkene er sjeldan store, fortel Jan Erikstad vegtrafikksentralen.

Vegen er stengt like nord for avkøyrsla til Sør-Pollen og vegen er no stengt.

SISTE: Vegen blir ikkje opna søndag. Det vil bli teke ei ny vurdering måndag så snart det vert dagslys.

Steinras Sør-Pollen

RAS: Fylkesvegen er stengt etter at steinar frå dette raset har kome ned.

Foto: Glenn Runderheim

På grunn av stor snøskredfare vert også desse vegane stengt:

  • Fylkesveg 152 Ulvestad-Menes: Her vert det stengt frå klokka 17.00 på grunn av fare for ras.
  • Fylkesveg Esebotn: Her vert det stengt frå klokka 17.00 på grunn av fare for ras.
  • Fylkesveg 337 Veitastrond-Hafslo: Her vert det stengt frå klokka 18:00. Ny vurdering klokka 10.00 i morgon. Også her er det stengt på grunn av rasfare.