NRK Meny
Normal

Store steinar dundra ned i vegen - frykta bilar kunne vere sopa på fjorden

Store steinar dundra seint torsdag kveld ned på riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal. Ei stund frykta ein at bilar kunne vere tekne av rasmassane, og det vart gjort søk i Sognefjorden.

Riksveg 55 er stengd av eit ras ved Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger. Raset gjekk seint torsdag kveld og det skal ligge stein over eit område på vel 100 meter.

RAS SPERRAR RIKSVEG: Ein del autovern på staden er teke av raset, og ein frykta ei stund at bilar kunne vere tekne av raset.

– Dette kunne gått gale, seier Marius Rove ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Den første meldinga om raset kom klokka 23.15 torsdag kveld. Entreprenøren som kom til for å sjå på raset kunne fortelje om store steinmassar som hadde dundra ned på riksveg 55 i området ved Ylvisåker. Dette er ca. ni kilometer frå Sogndal.

Steinane skal ha kome ned på vegen over eit område på vel 100 meter. Dei største av dei var nesten like store som personbilar.

– Det er ganske store steinar. Dei største er opp mot ti kubikk store, seier Rove.

SISTE: Klokka 10.30 opplyser Vegvesenet at riksveg 55 på staden ikkje blir opna att i dag. Det er venta store nedbørsmengder, og det er stor fare for at meir jord- og steinmassar kan kome ned i vegen.

Søkte etter bilar i fjorden

Dei store rasmassane og skader på autovernet gjorde at ein frykta bilar kunne vere sopa på fjorden av steinmassane.

– Vi fekk melding om at raset var relativt stort, og at det også var teke autovern i raset. Dermed var det teoretisk mogleg at det kunne vere bilar som var tekne av raset, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Brannmannskap og politi vart sende til staden, og det vart gjort søk i rasområdet. Ein båt vart mellom anna nytta til å gjere søk ute i fjorden.

– Det var gjort søk i området, og brannvesenet gjorde søk i sjøen med båt. Det var ingen observasjonar som tyda på at det er bilar tekne av raset.

– Kor sikre er ein på at ingen er tekne?

– Det er ingen som er meld sakna i området, og det er ikkje gjort observasjonar i søket som tyder på det. Det er ikkje olje som kjem opp av sjøen, ingen luftbobler og det er ingen indikasjonar på at bilar er tekne, seier operasjonsleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 55 er stengd ved Ylvisåker i Sogndal

PENDLARVEG: Mange pendlarar møter stengd veg mellom Sogndal og Leikanger fredag morgon.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Mange og store steinar

NRK-reporter Arve Uglum er i 06-tida på plass på rasstaden.

– Det er lett å forstå at dei første som kom til rasstaden vart litt skremde og frykta nokon kunne vere under raset. Det er mange steinar og det er store steinar som ligg i vegen, seier Uglum.

Det er i morgontimane heilt mørkt på staden, og dermed vanskeleg å få oversikt over omfanget av raset. Slik har det vore sidan raset gjekk i 23-tida torsdag kveld.

– Det er vanskeleg å sjå kor store skader som er på vegen, men den er dekt av mykje stein. Ein ser skader på autovernet, seier Uglum.

– Det er eit stort oppryddingsarbeid som må til.

Vegen stengd – ventar på geolog

Riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger er generelt ei rasutsett strekning, og der raset no har gått er vegen heilt stengd.

– Det er flaks at dette gjekk bra, seier Rove ved Vegtrafikksentralen.

Strekninga er ein av dei mest trafikkerte i fylket, og det er mange pendlarar som nyttar seg av vegen. Men desse må no bu seg på ein trøblete morgon for å kome seg til jobb.

Det blir no jobba med å få på plass ein geolog som kan vurdere rasstaden. Før dette skjer vil det ikkje bli starta med rydding av raset.

Om og når området blir vurdert som trygt vil det uansett ta noko tid før vegen kan opne att.

Lange omkøyringsvegar

Riksveg 55 er ein av dei mest trafikkerte strekningane i fylket, og det er mange pendlarar som nyttar seg av vegen. Omkøyringsmoglegheitene er ganske lange for dei som vel å leggje ut på dei.

Folk som skal mellom Sogndal og Leikanger må anten ta vegen om Lærdal-Vinje-Vik og ta ferje over fjorden til Balestrand, eller dei kan ta vegen om Skei-Førde-Vadheim-Balestrand.

Eit alternativ kunne vere å køyre via Skei og vidare mot Førde, men ta av og køyre fylkesveg 13 over Gaularfjellet, men klokka 11 fredag melder Vegvesenet at vegen her er stengd grunna uvêr og ikkje blir opna att i dag.

Det er førebels ikkje teke stilling til om det skal bli sett inn ei ferje på strekninga mellom Hella og Kaupanger, noko som har vore gjort tidlegare. Ifølgje Ketil Molvær på Vegtrafikksentralen i Lærdal vil det bli gjort ei vurdering av dette utover morgonen. I 09-tida er det venta ei ny vurdering på om vegen kan opne.

Riksveg 55 er stengd etter eit ras ved Ylvisåker mellom Leikanger og Sogndal

RAS: Vegen er stengd, og det blir jobba med å få ein geolog til staden for å vurdere rasområdet.

Foto: Arve Uglum / NRK
Riksveg 55 stengd etter ras ved Ylvisåker

STORE STEINAR: Dei største steinane som rasa ned på fylkesvegen skal vere nesten på storleik med personbilar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.