– Det er klart det er viktig å stille spørsmål om kvifor enkelte kommunar brukar mykje meir pengar per barn i barnevernet enn andre. Men det er ofte slik at små kommunar som Naustdal vil ha varierande kostnadstal, seier naustdalsrådmann Øyvind Bang-Olsen.
Statistisk sentralbyrå sine gjennomsnittstal for åra 2013, 2014 og 2015 viser at Naustdal, Hornindal, Solund, Askvoll, Hyllestad og Naustdal brukar under 30 000 kroner per barn i samband med organisering, administrasjon og tilrettelegging av barnevernet.
Har auka pengebruken i Naustdal
Tre kommunar frå indre Sogn toppar statistikken og brukar mest pengar per barnevernsbarn.
– Men gjennomsnittet kommunane brukar per barn i barnevernet i fylket er 47.000 kroner. Naustdal brukar 29.000. Viser ikkje dette at Naustdal nedprioriterer barnevernet?
– Desse tala gjeld berre på ein funksjonsart. Dersom ein hadde sett det i ein større samanheng, ville ein fått eit anna bilete. Men eg skal ikkje underslå at Naustdal på eit tidlegare tidspunkt brukte lite på barnevern. No brukar vi vesentleg meir, seier han.
– Betyr det at de brukte altfor lite tidlegare?
– Nei, vi har endra oss i høve dei behov som er.
Likar ikkje situasjonen
Styreleiar i Landsforeininga for barnevernsbarn, Ruzzel Solberg, likar ikkje situasjonen.
– Det er veldig alvorleg at enkelte kommunar vel å bruke veldig lite på barnevernsbarna. Mange barn treng veldig mykje hjelp, og dette kan tyde på at mange ikkje får den hjelpa dei treng. Eg forventar at det blir rydda opp i dette, seier Solberg.
Sterke protestar mot barnevernet
Barnevernet i Naustdal i Sogn og Fjordane har vorte verdskjend etter at eit foreldrepar i november i fjor vart fråteke fem barn. Foreldra som er aktive pinsevener er mistenkte for oppdragarvald og saka er framleis under etterforsking.
Nyleg fekk dei babyen sin attende, men framleis bur fire av barna i fosterheim. Det var vore protestaksjonar mot norsk barnevern i ei rekkje land, der naustdalssaka har vore utgangspunktet.
Bang Olsen meiner det blir feil å sjå den konkrete barnevernssaka i lys av at Naustdal brukar langt mindre per barn til å organisere barnevernet enn gjennomsnittet.
– No har vi auka ressursane vesentleg til barnevernet, så eg vil ikkje seie at det er ein automatisk samanheng.
Får ikkje snakke med barnevernsleiaren
Bang Olsen sit på rådmannskontoret i andre etasje i rådhuset i Naustdal og lét ikkje NRK.no snakke med nokon i barnevernet. Den omstridde barnevernssaka gjer at tilsette ved avdelinga har vorte utsette for sjikane. Bang Olsen har difor vald å skjerme dei tilsette ved avdelinga.
– Vi ønskjer at dei tilsette i barnevernet skal kunne fokusere fullt ut på dei sakene dei jobbar med, seier han.
Aurland brukar mest per barn
Heilt i andre enden av skalaen ligg Aurland kommune som årleg brukar 100.000 kroner per barnevernsbarn. Lærdal kjem på andreplass med 81.000 og Vik på tredjeplass med 75.000 kroner per barnevernsbarn.
Ordførar Noralv Distad har følgjande forklaring på at Aurland satsar så mykje på barnevernsbarna.
– Vi prioriterer førebyggjande arbeid. Men i dei tilfelle der det er behov for hjelp og støtte, stiller vi opp på ein god måte. Det er også viktig at fagfolka som jobbar i barnevernet har tilstrekkelege ressursar, seier Distad. Han lovar at barnevernsbarna vil ha høg prioritet også i framtida.