NRK Meny
Normal

Store protestar mot fiskerisentralisering

MÅLØY (NRK): Dei som står i fare for å miste arbeidsplassen i Måløy set sin lit til politikarane. Og det politiske miljøet varslar kamp mot flyttinga av regionkontoret til Fiskeridirektoratet.

Montasje

KRITISKE: Både tillitsvald ved regionkontoret i Måløy, Wenche Johannessen, ordførar Morten Hagen (H) og fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er svært kritiske til fiskeridirektøren, som vil flytte regionkontoret til Fiskeridirektoratet frå Måløy til Bergen.

Foto: Silje Guddal / Arne Stubhaug / NRK

– Det er svært skuffande, og noko vi ikkje kan akseptere. Det er ein viktig arbeidsplass i regionen. Argumentasjonen legg eigentleg opp til at det ikkje er mogleg å ha statlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane lenger, seier Vågsøy-ordførar Morten Hagen (H).

Fiskeridirektoratet har sju regionar og 28 kontor langs kysten. Men i dag la fiskeridirektør Liv Holmefjord fram si tilråding, der ho går for at direktoratet i framtida skal ha tre regionar 19 fiskerikontor. Ho er open på at det betyr færre enn dagens 26 tilsette i Måløy.

Noverande regiondirektør i Måløy, Vidar Ulriksen, seier dei er usamde med fiskeridirektøren og ønsker å halde fram som regionkontor. Han håpar den politiske behandlinga vil sikre det. For dagens forslag betyr at stillingar forsvinn, mellom andre hans eigen.

Vidar Ulriksen

REGIONDIREKTØR: Vidar Ulriksen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Regiondirektøren, to seksjonssjefar, og ein del administrative stillingar. Over tid vil det nok verte betydeleg fleire, som saksbehandlarar og juridisk kompetanse som er naturleg å ha på regionkontoret i Bergen, seier han.

– Medlemmane på Måløy-kontoret synest ikkje noko om dette. Enkelte føler seg usikre. Det er ei sentralisering som føregår, og vi føler det ligg ting i korta vi ikkje får vite med ein gong, seier Wenche Johannessen, tillitsvald på Fiskernes Hus.

Til angrep på argumenta

Ordførar Morten Hagen trur, som regiondirektøren, at mange stillingar vil forsvinne.

– Det breie kompetansemiljøet vil bli redusert betydeleg. Det er ikkje snakk om eit par, tre stillingar. Fleire stillingar vil forsvinne. Det er starten på ei nedprioritering, som vi har sett døme på når det gjeld andre statlege etatar.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) fortvilar over utviklinga, og seier det føyer seg inn i rekka av sentraliseringsforslag som vil svekke dei statlege arbeidsplassane i fylket. Ho er kritisk til argumenta frå fiskeridirektøren.

– Det som gjeld reisetid og kommunikasjonsmiddel er marginal argumentasjon. Det er ikkje lenger frå Måløy til ein flyplass enn det er frå Trondheim til Værnes.

Kjelsnes vil ta kontakt med fylkesordførarkollega i Møre og Romsdal, Jon Aasen, for å få til ein allianse. Nabofylket i nord er også råka av omorganiseringa. Kjelsnes oppmodar det politiske miljøet om å stå samla, og jobbe mot stortingsbenken.

Arbeidarpartiet krev stortingsbehandling

Og ho får allereie svar av partikollega og fiskeripolitisk talsperson for Arbeidarpartiet på Stortinget, Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø

ARBEIDARPARTIET: Ingrid Heggø.

Foto: Privat

– Ministeren gir uttrykk for at ho skal endre organiseringa etter ein intern runde. Men Stortinget har vedteke dagens organisering, og Stortinget må vedta ny organisering. Vi har allereie gitt beskjed om dette til ministeren.

I nasjonalforsamlinga vil forslaget møte motstand frå Arbeidarpartiet.

– Vi er heilt ueinige i endringsforslaga. Dagens organisering fungerer svært godt. Vi vil ikkje ha endringa som ligg på bordet, og kjem til å prøve å få eit fleirtal for vårt syn, seier Heggø.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser