Helse Førde må få meir helse ut av kvar krone. For innan utgangen av neste år må helseføretaket spara inn over 80 millionar kroner for å koma i økonomisk balanse. For det krev helseministeren.
- Betre pasientbehandling
Bolstad hevdar at ved å samla til dømes kirurgi, ortopedi og indremedisin i ei eiga administrativ eining med eigen fagdirektør, så blir både pasientbehandlinga, det faglege samarbeidet og pasientprioriteringa betre. Bolstad er ikkje samd med kritikarane som hevdar at ein slik funksjonsbasert organisering fører til ei sterkare sentralisering av sjukehustenestene i Sogn og Fjordane.
Vil kutte direktørstillingar
Det skal bli færre leiarar som skal rapportere til administrerande direktør. Mellom anna blir sjukehusdirektørane i fylket fjerna. Administrasjonssjef Harald Lindvik ved Florø Sjukehus reagerer sterkt på at Helse Førde vil kutte sjukehusdirektørstillingane i fylket.
Styret i Helse Førde skal handsama omorganiseringsframlegget 26. august.