Hopp til innhold

Har du hatt vatn i kjellaren før, er sjansane store for at du får det i ettermiddag òg

Dei neste timane kjem det til å regne trollkjerringar. Enkelte plassar er det venta opptil 130 mm det kommande døgnet. Men i følgje Meteorologisk institutt er det ikkje ekstremt.

Flaumstor elv i Førde

BLIR FYLT TIL RANDA: Stadar som har vore utsette for problem med at vatn trengjer inn i bygningar kan få problem det kommande døgnet. Her har vassmengdene i Jølstra dratt med seg eit tre og vatnet har fløymt over stigen langs elva. Vêrvarslinga rår folk til å følgje med å vassmendene.

Foto: André Nesse

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane. Frå i ettermiddag er det venta store nedbørsmengder.

– Det er venta 50–90 mm på 24 timer, 100–130 mm på dei mest utsette stadane, seier Jørgen Grønneberg som er vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga for vestlandet.

Regn, regn – øsande regn

Vinden vil ikkje bli så kraftig som venta. Men regnet kjem i større mengder enn venta.

– Enkelte stadar som Takle og Brekke kan vente seg 100 mm nedbør.

Dei kraftige nedbørsmengdene kan gje problem trur meteorologen.

– Grunnen er så metta med nedbør frå før at det vil få konsekvensar når det kjem så mykje regn på så kort tid. At bekkar renner over og stikkrenner fløyme over er kjende problemstillingar med mykje nedbør.

(Saka held fram under videoen)

Her frå Jølstra i Førde. Forsikringsselskap sender ut obs-varsel til sine kundar i Førde og Nordfjord. Det er meldt ekstremt mykje nedbør det nærmaste døgnet. Her ser ein allereie kor mykje vatn som er i Jølstra.

HØG VASSTAND: I elva Jølstra er vasstanden allereie høg måndag ettermiddag. Foto og redigering: Heidi Lise Bakke.

Han rår folk til å følgje med på kjellarar og områder der vatnet tidlegare har laga problem.

– Vi har tidlegare sett at Jølstra har gått høgt og at vatnet har skapt press mot bygningane, og det kan vi risikere å sjå att, seier Grønneberg.

Mild temperaturar

Det er ein massiv rygg av varmluft i vente som vil gje milde temperaturar.

– Særleg snøgrensa vil vere usedvanleg høgt for årstida. På Sognefjellet kan ein det kommande døgnet vente seg 3 – 4 plussgrader, og det er eit særsyn for årstida.

Snøgrensa vil ligge så høgt som 1600 – 1800 grader. Men allereie tysdag ettermiddag vil vinden snu.

– Vinden dreiar og dermed endrar temperaturane seg og. Utpå dagen blir det mindre nedbør som følgje av dreiinga. Men det vil likevel komme mykje regn i løpet av morgondagen og.

Campingvognvelt

VELTA CAMPINGVOGN: I helga har det vore kraftig vind, i tillegg til regnet. På Flatraket velta ei campingvogn i vindkasta. Vogna er totalvrak.

Foto: Anders Leivdal / NRK