Hopp til innhold

Store motbakkeløp slit i motbakke - stadig færre vil springe rett opp

FØRDE (NRK): Etter ein voldsom opptur for nokre år sidan, så opplever motbakkeløp over heile landet sterk nedgang i deltakarar.

Karoline Holsen Kyte i NM i terrengløp i Vik 2017

SLIT: Det har gått oppover for motbakkeløpa, men no opplever arrangørane færre deltakarar. Her er Karoline Holsen Kyte som vann Førde opp 2017.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er sånn med alt. Det går litt i bølger, seier leiar for Skåla opp, Eirik Brendefur.

Initiativtakar Erik Brendefur

Håpefull: Erik Brendefur, leiar for Skåla opp, satsar på ein renessanse for motbakkeløpa.

Foto: Anne Rudsengen

På tidleg 2000-talet starta motbakkebølga i Noreg, og det vart stadig nye deltakarrekordar. Dei siste åra har fleire arrangørar derimot opplevd nedgang i deltakarar, medan fjelløp er populært som aldri før.

Skåla opp er blant desse. Dei starta med 360 deltakarar i 2002, og hadde stigande tal fram til 2014. Då hadde dei rekordoppmøte med 1935 fullførande deltakarar. I år var talet på 1057.

Noko kan skuldast vêrutfordringar, men trenden er at tala går nedover.

Håpar på renessanse

No håpar Brendefur på eit oppsving i deltakartal og lovar at det uansett blir Skåla opp neste år også.

– Ein kan jo håpe på ein renessanse for motbakkeløp. Folk vil ut i naturen, og det er jo den flottaste treninga ein kan ha, seier han.

Stor konkurranse

Narve Heggheim, organisasjonssjef i Norsk friidrett, fortel at parallelt med fallande deltakartal, har det vore stor auke i talet på motbakkeløp. Han meiner mykje av forklaringa på nedgangen ligg der.

Narve Heggheim under friidrettsstemne

Konkurranse: Organisasjonssjef i Norsk friidrett, Narve Heggheim, meiner at motbakkebølga ikkje er over. Trass fallande deltakartal for løpa.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det gjer at ein har meir å velgje mellom. Dei meir lokale har jo sine lokale deltakarar uansett, medan dei større løpa konkurrerer om tilreisande løparar, seier han.

Dimed har dei lokale løpa eit føremon, med meir stabile deltakartal.

Motbakke-optimisme

Heggheim trur likevel ikkje motbakkebølga er over.

– Løp står sterkt som aktivitet i Noreg, og arrangørane gjer eit viktig arbeid for folkehelsa. Me ser at familiar kan gå saman, og flerie mosjonistar kjem til totalt sett, seier han.

Rekordår

I same fylke går Førde opp mot straumen og arrangørane har hatt jamt deltakartal sidan oppstart i 2012. Førre helg var det 1459 deltakarar med, og av desse var det rekordmange 760 skuleelevar.

Skulane får gratisbillettar til løpet, og har konkurranse om eit størst prosentvis oppmøte frå klassane.

Dagleg leiar for Førde opp, Tom Farsund, er stornøgd med oppmøtet i helga.

NØGD: Dagleg leiar for Førde opp, Tom Farsund, er stornøgd med oppmøtet i helga.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Me ville lage eit arrangement som skapar tilhøyrsle til byen vår. Då er barna det viktigaste me har, fortel dagleg leiar, Tom Farsund.

I tillegg meiner han at folkefest-aspektet er viktig, og fortel om mange tusen besøkande i området – utanom deltakarane i løpet.

Positive ringverknadar

Rektor Turid Hatlem er nøgd med ringverknadane Førde opp og skuleprosjektet har.

POSITIV: Rektor Turid Hatlem ser positive resultat av ringverknadane Førde opp og skuleprosjektet har.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Slåtten skule har hatt stort oppmøte i løpet kvart år. Rektor Turid Hatlem har sett positive resultat av motbakkeløpet – både i skulemiljø og aktivitetsnivå blant barna.

– Eg tenker det er gull å involvere skulen på denne måten. Alt av gode opplevingar har jo ringverknadar, seier ho.

Veninnegjengen på Slåtten skule gleda seg stort til Førde opp.

GLER SEG: F.v. Kaja Johannesen Skrede (10), Jenny Bjørkhaug (11) og Line Marie Espe (11) frå 5. og 6. klasse på Slåtten skule, tykkjer det er kjekt med Førde opp.

Foto: Ingvild Eide / NRK

I skulegarden er i alle fall elevane stornøgde med løpet, og gler seg kvart år.

– Me får med alle! fortel Jenny Bjørkhaug (11), før ho spring vidare.