Hopp til innhold

Store mengder medisin forsvunne

Det er avdekka eit omfattande svinn av sterk narkotisk medisin frå ei avdeling på Førde sentralsjukehus.

Førde sentralsjukehus

LEITAR: Helse Førde er i gang med å prøve å avdekke årsaka til svinnet av ei større mengde medisinar frå sentralsjukehuset.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Torsdag morgon skreiv NRK at jurist i helseføretaket, Bård Eikeset, stadfesta at medisinane var stolne, og at det mest truleg var til eige forbruk. Eikeset seier til NRK i føremiddag at dette ikkje rett og at han er feilsitert. Eikeset seier han berre kan stadfeste at dei har avdekka svinn av ei større mengde medisin.

Han ønskjer elles ikkje å late seg seg intervjue om saka, utover å stadfeste at føretaket jobbar med å finne ut kva som har skjedd. Forklaringane kan vere fleire, og førebels held leiinga alle mogelegheiter opne.

Ikkje meld til politiet

Helseføretaket har orientert politiet om saka, men dei har førebels ikkje sett i gang etterforsking.

Helse Førde har dei siste månadane avdekka svinn av såkalla A-preparat frå medisinrommet på ei av avdelingane på sentralsjukehuset. Dette er medisin som er sterkt vanedannande og kan til dømes vere morfin og andre narkotiske stoff.

Eikeset stadfestar at Helse Førde har vore i dialog med politiet, men at saka så langt ikkje formelt er meld til Førde lensmannskontor.

Har vore fleire saker

Helse Førde har i dag strenge rutinar for helsepersonell når det gjeld å hente ut så sterke medisinar. Dei ønskjer no å få avdekka korleis medisin kan forsvinne.

Det har tidlegare vore fleire saker i Helse Førde der tilsette med rusproblem har tileigna seg vanedannande medisinar på ulovleg vis.