Hopp til innhold

Asylsøkjarane i Jølster svelt ikkje lenger - mottaket får inn store mengder mat

Kjøt, fisk, brød, grønsaker og frukt. Store mengder mat er levert Jølster asylmottak, etter at mottaksleiaren fortalde om asylantar som svelt.

Grete Apelseth og Amo

FÅR MAT I STORE MENGER: Asylsøkjarane i Jølster slepp å svelte. No kjem det store mengder mat til asylmottaket. No skal asylsøkjarane også få lære å lage sunn mat.

Foto: Bård Siem / NRK

Asylsøkjarar med endeleg avslag på søknaden får utbetalt 1960 kroner i månaden, noko som skal rekke til mat, klede og alt anna forbruk. – For lite til å leve av, hevdar Grete Apelseth, leiar ved Jølster Asylmottak. Nyleg gjekk ho ut og fortalde om asylantar som svelt og bad om mat til mottaket.

Frå vonbrot til glede

I starten var det sparsamt med matlevering, og Apelseth fortalde i media at ho var skuffa over mangel på hjartevarme. Ho fekk støtte frå fleire, og dei siste medieoppslaga gjer at mange no har levert mat til mottaket.

–Det har vore kjempeflott respons. Vi har fått inn masse kjøt, fisk, brød, grønsaker, frukt og alt som tenkast kan. Eg er veldig glad og takksam, seier Apelseth.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAK: Mottaksleiar hevdar asylsøkjarar svelt i norske mottak.

Lagar middag

– No har vi delt ut ein del og frose ned ein del. I tillegg har vi laga middag både torsdag, fredag, laurdag og søndag.

Saman med Frivilligsentralen og KrF i Jølster har asylmottaket laga eit opplegg.

– Vi ber folk vende seg til Frivilligsentralen dersom dei vil levere mat til oss eller dei vil hjelpe asylsøkjarane på annan måte.

Ønskjer mat frå butikkar

Apelseth vil også kontakte butikkar med spørsmål om dei vil donere mat.

– Vi hentar inn maten og grupperer dei frivillige. Ein dag kan det til dømes vere ei gruppe frå KrF som lager mat saman med bebuarane. Neste veke kan det vere Norsk Folkehjelp, veka etterpå Frivilligsentralen og fjerde veka kanskje Røde Kors.

– Vi har også ein tanke om at bebuarane skal få ei innføring i korleis dei kan lage god og næringsrik mat til ein billig penge, seier Apelseth.

-Tørr ikkje reise heim

For Apelseth er det ikkje noko problem at fleire av dei som oppheld seg på asylmottaket har fått avslag på asylsøknaden og dermed skal ut av landet.

– Ingen skal måtte svelte i Norge, uansett kva grunn dei er her for. Dei med endeleg avslag skal forlate landet, men det kan vere fleire grunnar til at mange ikkje vil reise.

– Det kan til dømes vere at heimlandet ikkje vil ta imot dei. Det er også slik at mange rett og slett ikkje tørr reise attende til heimlandet, seier Apelseth.